Overlegne Søre Neset
Førstelaget til Søre Neset køyrde over Risnes i går, og held stø kurs mot opprykk til 2. divisjon.
Søre Neset hadde ikkje store problem med å feia Risnes av banen. I første og tredje sett var dei overlegne, og vann 25-8 og 25-11. Trenar Morten Asphaug, er god nøgd med gjennomføringa, sjølv om jentene rota det litt til i andre settet.
- Me leia 9-0, og er solide, men plutseleg rota me det ekstremt til, og stillinga stod 16-15. Då blei Vibeke Ingebrigtsen sur. Ho fann fram smash-armen sin, og dundra inn poeng etter poeng, og me avgjorde settet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Debut for 15-åring
Den solide prestasjonen blir berre betre når ein ser kor mange spelarar dei mangla. Heile fire førstelagsspelarar kunne ikkje spela av ulike grunnar.
- Heldigvis har me motiverte juniorar som kan steppe inn. Amanda Bøe har fått nokre førstelagskampar etter kvart, og i går fekk ho spela heile kampen. Ho fekk æra av å smashe inn matchballen, seier Asphaug og held fram:
- Eirun Klyve (15) fekk sin debut i dag. Ho var den første av juniorane som fekk trena med damelaget denne sesongen, og har verkeleg tatt ansvar. Ho fekk spela halve kampen, og viste at ho fortente sjansen ho fekk, med serve-ess, smashpoeng og blokkpoeng.
Tronar øvst med god margin
Vibeke tok flest poeng med sine 15, etterfølgd av Anne Irene og Patrycja Plata med seks poeng kvar. Søre Neset tronar øvst på tabellen med god margin ned til andreplassen. Det står att tre kampar pluss ei rankingturnering før sesongen er omme.