Vegard Leikvoll Moberg og Åsane storspelte mot Bærum i går. Dei gav seg ikkje før det stod 5-0 på måltavla, og både Leikvoll Moberg og Simen Lassen noterte seg for ei skåring. (Arkiv
Vegard Leikvoll Moberg og Åsane storspelte mot Bærum i går. Dei gav seg ikkje før det stod 5-0 på måltavla, og både Leikvoll Moberg og Simen Lassen noterte seg for ei skåring. (Arkiv

Osinger bidrog til storsiger

Vegard Leikvoll Moberg skåra med hælen, og Simen Lassen skåra med eit flott langskot frå om lag 25 meter i Åsanes nedsabling av Bærum.

I dag tidleg sat Vegard Leikvoll Moberg på bussen frå Bergen til Os, og las Bergensavisen, for å sjå kva dei skreiv om 5-0-sigeren over Bærum.

- Det er BA som er best på lokalfotballen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtbanestrategen var tydeleg nøgd med laginnsatsen søndag.

- Me køyrde over Bærum frå start til slutt. Dei var dårlege i går, medan me var gode, seier han.

Luke ned til nedrykkstreken

Sigeren gjer at Åsane no har fått ei luke på fem poeng ned til Bærum og Levanger som ligg under streken med 23 poeng. I neste runde spelar dei oransje borte mot sistnemnde.

- Det blir ein viktig kamp. Då kan me skaffa oss større avstand til laga under streken, og samstundes er det veldig tett oppover på tabellen, så me har sjansen til å klatra litt også, seier han.

Skal møta fleire av tabellnaboane

Det står att seks rundar av sesongen, og Åsane skal møta fleire av laga som ligg kring dei på tabellen. I tillegg skal dei møta topplaga Sogndal og Kristiansund.

- Om me avsluttar godt, så kan me enda opp midt på tabellen. Det meiner eg vil vera ein kjempeprestasjon av oss, seier Leikvoll Moberg.

To flotte skåringar

Midtbanestrategen hadde fleire sjansar til å skåra i går, men det blei med det eine målet, som for øvrig var av klassen målsnik-skåring. Osingen fekk ei pasning inn i boksen frå høgresida, og brukte hælen til å flikka ballen vidare i lengste hjørnet.

Simen Lassen kom inn som innbytar, og noterte seg for ei skåring i målfesten på Myrdal gress. Han lada børsa frå om lag 25 meter, og markkryparen sneik seg inn nede i hjørnet til høgre for keeper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Surt tap for Nest Sotra

Ein annan osing, Bjarte Haugsdal, var ikkje så heldig i helga. Han spelte heile kampen mot Sandnes Ulf heime på Ågotnes gress. I følgje rapportane hadde Nest Sotra det spelemessige overtaket gjennom kampen, men dei vart ståande att utan poeng. Simen Næss vart to-måls-skårar då han utlikna til 2-2 for heimelaget to minutt før slutt, men på overtid kom 2-3-skåringa som gjorde at Nest Sotra gjekk poenglause av banen. Dei har no sju poeng opp til Åsane som er på trygg grunn.