Marius Mikkelsen og Stian Lunde skåra to mål kvar i 8-1-sigeren over Nordhordland i dag. (Arkivfoto - Stian Kvåle)
Marius Mikkelsen og Stian Lunde skåra to mål kvar i 8-1-sigeren over Nordhordland i dag. (Arkivfoto - Stian Kvåle)

Os utklassa Nordhordland

Dei gule og svarte knuste Nordhordland 8-1 på bortebane i dag. Fjerdedivisjonslaget hadde ingenting å stilla opp med, og Os er klare for 2. kvalifiseringsrunde i NM.

- Vi fekk ei tidleg skåring. Så kom det raskt fleire. Ein solid gjennomført kamp, seier Os-trenar Hassan El Fakiri, og held fram:

- Det var kjekt å sjå at vi var tydelege i forhold til det vi har øvd på i trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av erfaring veit El Fakiri at det ikkje alltid er like lett å møte lag frå lågare divisjoner, sjølv om det papiret skal vera nettopp det.

- Det er lett for å falla litt nedpå. Då er det plutseleg ikkje så store skilnader. Ein må vera fokusert, og det var spelarane i dag. Kjekt at vi fikk ein del skåringar også, seier El Fakiri.

 

 

 

Os´ nye spiss, Christoffer Hafsås måtte ut med skade kort tid før pause.

- Han kjente noko i baksida av låret. Vi veit ikkje om det berre var ein krampe, eller om det er snakk om ein strekk.

Dermed kan det henda at Hafsås ikkje er med på flyet til Kypros på tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om det er snakk om ein strekk blir han nok ikkje med på treningsleir. Er det snakk om ein krampe, så er han frisk i løpet av helga, seier El Fakiri.

Målskårarar for Os: Stian Lunde 2, Erik Kanestrøm 2, Marius Mikkelsen 2, Christoffer Hafsås og eit sjølvmål.

Laget som starta: Frode Øvredal, Markus Bjørnevik, Adrian Valle, Torkel Hjertnes, Knut Haga, Rafael Villen, Torgeir Lunde, Øystein Takle Eide, Stian Lunde, Erik Kanestrøm og Christoffer Hafsås.

Innbytarar med speletid: Emil Halver, Steffen Ljosheim og Marius Mikkelsen.