Os Turn arrangerer Futsal-turnering
Laurdag og søndag 17. -18.desember inviterer Os Turn Fotball til futsal-cup i Oshallen.
Opninga av cupen vert eit reint kveldsarrangement laurdagen.
- Det blir kveldsspeling laurdag og sluttspel på søndagen, fortel dagleg leiar i Os Turn, Endre Brenne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førjulscupen i futsal vart første gong arrangert i fjor og var ein stor suksess.
- Det er mange som synest det er kjekt å starta juleferien med litt fotballcup - nett slik me hugsar det frå då me spelte aldersbestemt fotball, seier Brenne.
Sjølv stiller han med ein god blanding av gamle Fjorda-folk.
- Eg samlar ein gjeng av folk frå gamlebygda mi Strandebarm og nabokommunane Norheimsund og Øystese, fortel Brenne.
Maks 24 lag
I fjor stilte 16 lag. I år håpar arrangøren på endå fleire.
- Eg har vore i kontakt med Nore Neset og Søfteland sine A-lag. Dei trudde dei kom til å stilla med lag, seier Branne.
Han oppfordrar andre interesserte om å vera om seg med å melda på lag.
- For at me skal få arrangementet i hamn set me ein grense på 24 lag totalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kvart lag kan ha ti spelarar. Det er ikkje noko tak for kor mange aktive spelarar ein kan ha med, fortel Brenne, som har fleire års erfaring frå 1. divisjons-futsal-spel med Øystese.
- Jenter og gutar kan også spela på same lag, legg Brenne til.
Cupen vil bli spelt etter reglar sett opp av FIFA og Norges Futsalforbund.