Os slo tabellnabo Åsane 2
Os passerte Åsane 2 på tabellen etter 2-1-sigeren på Myrdal kunstgras i kveld.
Os klatra forbi Åsane 2, og ligg no i rygg på Varegg og Sotra. Os tok leiinga etter åtte minutt ved ein skåring signert Erik Kanestrøm. Stian Lunde stod for den målgjevande pasninga. Stillinga stod seg til pause, i ein kamp som i følgje rapportane bølga fram og tilbake. Åsane 2 utlikna ved August Selnes etter timen spelt, men det gjekk ikkje lang tid før dei gule og svarte var tilbake i leiinga. Anders Havsgård fann evigunge Stian Lunde 65 minutt og det stod 2-1. Åsane trykte på, og flytta opp ein hovudsterk stoppar mot slutten av kampen. Dei slo mange lange ballar, men klarte ikkje å skapa dei heilt store sjansane. Os stod løpet ut, og kan innkassera tre nye poeng. Eit anna positivt nyhende er at Rafael Villen fekk om lag ein halvtime på banen etter å ha vore ute med skade i lengre tid.
Laget som starta:
Artikkelen held fram under annonsen.
Andrew Todd, Anders Havsgård, Torkel Hjertnes, Knut Haga, Glenn Krossøy, Torgeir Lunde, Thomas Fosen, Emil Halver, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm og Stian Lunde.