Dette flotte biletet over Nore Neset er blant dei mange som følgjer med i Opptur Motbakkeklubb sin kalender for 2016.
Dette flotte biletet over Nore Neset er blant dei mange som følgjer med i Opptur Motbakkeklubb sin kalender for 2016.

Os-bygda sett frå oven

To år etter stiftinga er Opptur Motbakkeklubb ute med sin første kalender. Distribusjonen tek Nore Neset jenter 2001 seg av.

- Det var på høg tid at me som ferdast i høgda fekk laga ein kalendar med naturbilete frå Os-bygda. Dette skal bli ein tradisjon. Me har uendeleg med flotte motiv å foreviga, seier primus motor i Opptur Motbakkeklubb, Klas Færøvik.

God hjelp

Dei mange flotte bileta er tekne av klubbens medlemer og andre turgåarar i Os. I tillegg har dei fått hjelp av drone-folka i Varde Media, Macbox og Midtsiden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er stolte over resultatet, men ser at det kan bli endå betre. Difor skal me i klubben bli flinkare til å ta fleire bilete når me er ute og spring i tida framover, seier Færøvik.

Treningsleir til Pula

Til å selja kalendaren har Opptur Motbakkeklubb fått hjelp av Nore Neset IL og spesielt jentene på Nore Neset jenter 2001.

- Nore Neset IL sel unna ein del. Elles er det 2001-jentene som står aller mest på. Dei skal på treningsleir til Pula i Kroatia neste sommar og jobbar som berre det for å dekkja inn det turen kostar, fortel Færøvik.

Klas Færøvik. (Privat  foto)
Klas Færøvik. (Privat foto)
(Lidvin Vågen)
(Lidvin Vågen)
Tøsdalsvatnet.
Tøsdalsvatnet.