Eikelandsfjorden-trenarane Gudmund Midtrød og Knut Hjertnes har tru på laget sitt før dei avgjerande rundane.
Eikelandsfjorden-trenarane Gudmund Midtrød og Knut Hjertnes har tru på laget sitt før dei avgjerande rundane.

Optimistiske før innspurten

Eikelandsfjorden A-lag kan risikera å vera eitt av fire topplag som står med 37 poeng før siste runde i 6. divisjon.

- Det ligg an til å blir ein thriller-avslutning, ja, seier Eikelandsfjorden-trenar Knut Hjertnes.

To rundar att

Eikelandsfjorden ligg på fjerdeplass to rundar før slutt (sjå tabellher). Dei er avhengige av at Øystese 2 og Trane avgjer poeng, for å kunna ta dei igjen. Rosendal ligg derimot likt med Eikelandsfjorden, men med to plussmål meir. På papiret er det Eikelandsfjorden som har det enklaste programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er farleg å seia at me har eit enklare program enn dei andre. Me tapte jo heime mot Hordabø/Radøy/Manger tidlegare i år, men no skal me ta dei. I siste kamp har me botnlaget Fotlandsvåg, seier Hjertnes.

Utslagsgjevande målforskjell

Så tett som det er i toppen, kan målforskjellen bli utslagsgjevande ved sesongslutt. Eikelandsfjorden-kaptein Arnt Ove Lundervik, seier at det særleg er ein kamp som gjer at Rosendal har fleire pluss mål.

- Rosendal slo botnlaget Fotlandsvåg 15-1 tidlegare i år. Det gjer at dei har ein god målforskjell, men me har tatt gradvis innpå, og ligg rett i ryggen på dei på målforskjellen også, seier han.

Eikelandsfjorden-kaptein Arnt Ove Lundervik fortel at det er stort engasjement kring laget og opprykkstriden.
Eikelandsfjorden-kaptein Arnt Ove Lundervik fortel at det er stort engasjement kring laget og opprykkstriden.

- Opprykk er opprykk

Eikelandsfjorden-spelarane snakka om opprykk heile tida, og "fansen" er nesten like opptekne av sesonginnspurten.

- Nokre kjem bortom på trening for å snakka med oss, og folk me møter på butikken snakkar også om den spanande sesongavslutninga, seier Lundervik.

Kapteinen har vore med på fleire opprykk tidlegare, og meiner at det ikkje har så mykje å seia om det er snakk om 6.divisjon eller 4.divisjon, til dømes.

- Det gjev ei kjensle av meistring uansett. Opprykk er opprykk, og det engasjerer folk sjølv om det er snakk om lågare divisjonar, seier han.

Bra for rekrutteringa

Eit opprykk vil vera bra for klubben på mange måtar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me ønskjer å få seniorlaget til høgst mogleg nivå, slik at det er attraktivt for dei unge fotballtalenta i Fusa. Ein kan ikkje hindra spelarar i å gå til Os, men om me har eit seniorlag som tevlar på eit litt høgare nivå, så trur eg me kan halda på, og utvikla spelarar i større grad enn me gjer i dag, seir Lundervik.

Han legg til at framtida ser lys ut for seniorlaget, for det kjem mange spelarar opp i rekkjene i klubben.

- Det er såpass mange gode fotballspelarar i klubben, blant anna på G16-laget. Mange av dei trur eg kan vera med og bidra på seniornivå alt til neste år, seier Lundervik.

Ulideleg spanande

Laurdag går nest siste runde av stabelen. Troppen til Eikelandsfjorden er så godt som fulltallig.

- Me manglar Tonny Vik. Han rauk kneet mot Odda 2. Elles trur eg alle er klare. Forskjellen i år frå tidlegare år, er at det ikkje har gjort noko om me har mangla nokre spelarar, for me har ein brei og god tropp, seier Lundervik.

Laurdag 17. oktober spelar Eikelandsfjorden den siste, og mest sannsynleg avgjerande kampen, heime mot Fotlandsvåg.

- Det er ulideleg spanande. Det kjem nok til å vera telefonnkontakt mellom dei opprykksjagande klubbane i siste runde. Me må berre vinna kampane våre. Noko meir enn det kan me ikkje gjera, seier Lundervik.