Ønskte å vera med vidare
Tore Nielsen var klar for å ta fatt på eitt nytt år som Lysekloster-trenar då han plutseleg fekk beskjed om at han ikkje var med i planane.
Meldinga kom som lyn frå klar himmel på Nielsen.
- Eg er forundra. Eg var kjempemotivert til å halda fram som trenar for Lysekloster, noko eg også understreka på opprykksfesten. Eg er overraska, men ikkje sjokkert. Eg har vore så lenge i gamet at eg veit at fotballtrenarar lever på lånt tid. Eg ønskjer Lysekloster lykke til vidare, og eg kjem nok til å vera mykje til stades som tilskodar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skuffa - men ikkje bitter
Etter at Nielsen fekk beskjed frå styret om at han ikkje fekk vera med vidare, hadde han ein lang samtale med manager Thomas Sandal.
- Eg er skuffa over beslutninga, men ikkje bitter. Praten med Thomas gjorde godt. Eg meiner oppriktig at han er den beste fotballtrenaren i Bergen. Lysekloster må gjera alt dei kan for å halda på han så lenge som berre mogleg.
Det er ikkje berre manager Sandal som har kontakta Nielsen. Mange av spelarane har også vore i sin gamle trenar.
- Det har strøymd på med meldingar, noko som er hyggeleg. Eg hadde eit godt forhold til spelarane, og kjem til å sakna gruppa. Eg kjem også til å sakna trenarkollegaene og alle dei frivillige kring klubben.
Opprykkskongen
Nielsen har vore ein del av gamet i mange år, og har ein haug med opprykk å skilta med.
- Dette er første gong eg har vore med å rykka opp med eit lag, og ikkje har fått halda fram som trenar. Ein skulle tru at eit opprykk var nok til å halda på jobben, men det var det tydelegvis ikkje, seier Nielsen.
Han har rykte opp med Os A-lag og Os 2, og med Trane i to ulike perioder, både frå 6.til 3. divisjon og frå 5. til 4. divisjon. Han har også rykt opp med Nymark.
Har alt fått trenar-tilbod
- Kva er planen vidare?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hadde budd meg på ein ny sesong med Lysekloster, så no veit eg ikkje heilt. Eg har fått nokre tilbod, men eg har ikkje tatt stilling til det enno.
Nielsen kjem nok til å vera involvert i Os-fotballen på eit vis.
- Eg har ein son som spelar på 2002-laget til Os. Eg har sagt i frå til trenarane at eg kan vera med og bidra litt. I alle fall fram til eg eventuelt hiv meg på eit nytt trenar-verv.