Sverre Lunde Pedersen trur at den ufrivillige kvilen sist helg vil gjera han godt fram mot NM enkeltdistansar og V-cup-runden i Stavanger  dei to neste helgane.
Sverre Lunde Pedersen trur at den ufrivillige kvilen sist helg vil gjera han godt fram mot NM enkeltdistansar og V-cup-runden i Stavanger dei to neste helgane.

Nyttig pusterom i tett program

Han var ikkje mykje blid då han måtte kasta inn handkledet før EM. I ettertid ser Sverre Lunde Pedersen at opphaldet kan ha gjort godt.

- Eg hadde meg ei avslappande helg på hotelrommet. Såg mykje vintersport på NRK og fekk godt med kvile, seier ein blid og nær friskmeldt Sverre Lunde Pedersen på telefonen frå Hamar.

Fullt så lystig var han ikkje då han innsåg at EM i Minsk ville gå utan ham sist fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var dritsurt. Eg hadde sett veldig fram til den meisterskapen og gledde meg grådig. Men både legen, trenaren og eg sjølv, skjønte at deltaking ville gjort vondt verre, seier 23-åringen.

I trening igjen

Osingen kjente at han tetna til i luftvegane natt til sist fredag. På første løpsdag i Minsk var biholane heilt tette.

- Eg var tett og slapp i kroppen. Eg kunne sikkert fullført, men nokon god meisterskap hadde det ikkje blitt, seier han.

I staden rusla han altså tilbake til hotellet og fann senga.

- Det har vore ein travel sesong så langt. Kanskje kjem det godt med at eg fekk ei heil helg å slappa på. Kvile kan også vera bra i tida fram mot nye store konkurransar, seier han.

Måndag denne veka kom han og resten av skeiselangslaget til Hamar. Då «Os og Fusaposten» prata med han onsdag kveld, var han nær heilt frisk.

- Eg fekk antibiotika i Minsk. Den ser ut til å ha tatt knekken på halsinfeksjonen. I dag har eg trena lett. Det verkar som eg er nær frisk igjen, seier han.

Heimebane-helg

Det neste for Os' store skeise-son er NM enkeltdistanser neste helg. Der skalhan etter planen gå tre distansar - 1.500 m, 5.000 m og 1.000 m.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir eit fint høve til å gå seg i form igjen. Eg har vore litt slapp etter sjukdomen. Då passar det fint å få ei god gjennomkøyring før V-cup-løpa i Sørmarka Arena helga etter. Den V-cup-runden har eg sett fram til lenge. Med mykje familie og vener på tribunen, vert det som å få gå på heimebane. Eg har lenge tenkt at eg skal gå fort den helga, konstaterer skeisaren.