Os gutar 16 hadde krona sesongen med siger i Haugesund Sparebank Cup i helga.
Os gutar 16 hadde krona sesongen med siger i Haugesund Sparebank Cup i helga.

Ny triumf for Os gutar 16

Torsdag vart dei krinsmeistrar i 1. divisjon. I helga vann Os gutar 16 haugesundcup.

Etter storsigeren over Fana torsdag vart førstelaget til Os gutar 16 krinsmeistrar, ein serierunde før slutt. I helga var både første og andrelaget på tur til Haugesund for å delta i Haugesund Sparebank Cup. Der heldt oppturen fram.

- Det vart nok ei kjekk oppleving med gutane. Både første og andrelaget vann alle sine tre innleiande kampar og gjekk dermed til sluttspelet, fortel trenar Frode Lohne Sæle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde kontroll

Medan førstelaget avanserte direkte til semifinalen måtte andrelaget via kvartfinale. Her stoppa også cupen for deira vedkomande etter tap 0-4 for årets vinnarar av Dana Cup, Vard-Haugesund.

Førstelaget møtte Stord i semifinalen. Det enda med 5-0-siger til dei gulsvarte.

I finalen møtte førstelagsgutane Randaberg.

- Me skåra tidleg ved Steffen Kvamsdal og hadde god kontroll utover i kampen. Då Trym Hjørnevik banka inn 2-0 på eit fantastisk langskot, følte me det som at sigeren var sikra, fortel Sæle.

Randaberg reduserte ein gong etter dette, men kom aldri nærmare.

Homogen fin gruppe

Når sesongen no nærmar seg ferdig, føler trenaren for å takka alle som har medverka til dei mange gode resultata.

- Det gjeld først og fremst spelarar, men også andre støttespelarar i og rundt laget. Dette har vore ein fenomenal sesong med ei kjekk og homogen treningsgruppe og to gode lag, oppsummerer Sæle.

Han held fram som trenar på Kuventræ også neste sesong.