Ny storsesong
Ungdommen i Os Skyttarlag har lagt bak seg nok ein sesong. Om han ikkje var like god som i fjor, så var det jammen ikkje langt unna.
- Me må så absolutt seia oss nøgd med sesongen. 24 gongern har våre ungdommars namn stått øvst på resultatlista på opne stemne. I tillegg har utøvarane våre skote seg til pallplass over 70 gonger, fortel ansvarleg for ungdomsgruppa til Os Skyttarlag, Arnstein Eidsvik.
Som krona på verket fekk gjengen ein Noregsmeister og ein Landsdelskrinsmeister i lagskyting for samlag. Jenta bak prestasjonen var Amalie Evensen. Ho vart også nummer fire i NM Felt for junior.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søster Maren vart nummer 2 i same øving.
Vellukka Åsane-tur
For litt sidan avslutta ungdomsgruppa sesongen med eit stemne i Åsane. Denne helga vart gjengen køyrt stansmessig til og frå stemnet med eiga sjåfør sponsa av Osbuss.
- Ein vert godt lagt merke til når ein på skytestemne i eiga buss, kommenterar Eidsvik.
Behaldninga på stemnet vart to førsteplassar og to andreplassar.
- Loke Eide og Sofie Evensen tok kvar si andreplass i sine klassar, medan Andrine Lothe Måge var i ein klasse for seg i aspirantklassen. Amalie Evensen vann juniorklassen.
To rundar av Oskarusellen
Elles har Os Skyttarlag no arrangert to av totalt tre rundar av Oskarusellen. Som vanleg vert det heile avslutta med Romjulstreffen.
- Markus Johannesen og Sofia Dale har vunne to gonger kvar så langt. Elles har den nyinnflytta "osingen" Arild Røyseth vunne begge rundane for seniorane, fortel Eidsvik.