19 år gamle Thomas Hille er klar for Os Turn neste år.
19 år gamle Thomas Hille er klar for Os Turn neste år.

Ny Os-keeper på plass på Kuventræ

19 år gamle Thomas Hille er klar for Os A-lag frå og med neste sesong.

Det er eit stort keepertalent som kjem til Os på nyåret. 19-åringen er Fanas eigedom, men stod heile fjorårssesongen på utlån til Gneist i 3. divisjon. Os Turn lånar spelaren frå Fana heile 2017-sesongen.

- Me er svært nøgd med å få Hille med på laget. Han er eit stort keepertalent, som me håpar kan vera med å kjempa om førstekeeper-plassen neste sesong, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andrew forsvinn

Med Kasper Færøvik skadd og Andrew Todd på veg bort frå klubben, såg keeper-situasjonen i Os rimeleg stygg ut inntil Hille signerte med klubben denne veka.

- Det var viktig for oss å få inn ein keeper til. Me har framleis trua på Kasper, men han har slite mykje med skader og må få ro til å trena seg opp igjen for å kjempa om keeperplassen. Når det gjeld Andrew Todd, så skal han trena med Åsane no på nyåret. Me reknar han som tapt for oss og ønskjer han lukke til vidare i fotballkarrieren, seier Fakiri.

Seint comeback

Ein som derimot kan få retur til Kuventræ i 2017 er Anders Fossen Lunde. Den tidlegare Brann- og Løv-Ham-spelaren med erfaring frå semiproffspel i Frankrike vakta buret for Bjarg i sesongen som var. Mykje tyder på at han kan finna vegen tilbake til moderklubben Os.

Anders Fossen Lunde kan vera på veg til Os Turn.
Anders Fossen Lunde kan vera på veg til Os Turn.

- Me er i samtalar med Anders og håpar me vert samde. Han er ein keeper med mykje rutine. Ein mann det kan vera bra å få inn i troppen, seier Fakiri.

Han legg til at Os Turn også har to utespelarar på gang.

- Før me rundar av 2016 håpar eg me får signa ein ny forsvarar og ein ny angripar. Me har to personar me forhandlar med, men førebels er det litt for tidleg å seie kven det er, seier Fakiri.