Eivind Hodneland og Gjermund Engelsen gler seg til hole-in-one-happeningen under finalen i Bjørnefjorden Tesla Open søndag 21. juni. - Me har hatt fleire som har klart hole-in-one her sidan fjorårets konkurranse, så det er absolutt mogleg, seier dei to.
Eivind Hodneland og Gjermund Engelsen gler seg til hole-in-one-happeningen under finalen i Bjørnefjorden Tesla Open søndag 21. juni. - Me har hatt fleire som har klart hole-in-one her sidan fjorårets konkurranse, så det er absolutt mogleg, seier dei to.

Ny hole-in-one-jakt på Hauge

Med smekkfullt program og heile to bilpremiar håpar Bjørnefjorden GK på storinnrykk på Hauge siste veka i juni.

I fjor lokka dei med ein Porsche Cayman som hole-in-one-premie på hol 9. Under årets «Golfuke» på Bjørnefjorden Golfklubb kan nokre av deltakarane kjempa om ikkje mindre enn to flunkande nye bilar.

- Eg meiner det er ganske unikt i norsk golfsamanheng. Aldri tidlegare har nokon annan klubb hatt to bilpremiar i eitt og same arrangement, seier dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Eivind Hodneland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stigning i programmet

«Golfuken» går av stabelen frå 20. til 27. juni. Programmet omfattar konkurransar både for proffar og amatørar.

- Det heile starter med «Bjørnefjorden Tesla Open». Dette er ei turnering me reknar med blir fullteikna med 96 deltakarar. For å få stigning i programmet vert hole-in-one-seansen spart til hol 18 på finalerunden søndag, fortel Hodneland.

Premien er ein flett ny Tesla til ein verdi av 700.000 kroner.

- Det blir nok bra rift om å bli blant dei 50 prosenta som får spela finalerunden søndag, seier Hodneland.

Han minnar om at dette er ei open turnering.

- Me vil halda av eit par plassar, men i prinsippet er det førstemann til mølla, seier han.

BJGK har fleire gode spelarar. Kven som er best på hole-in-one er vanskeleg å spå, men til å vinna turneringa finst det fleire kandidatar.

- Sverre Marcelius, Magnus Engevik, Anders Engevik og Solveig Helgesen er berre nokre av dei som kan hevda seg, seier Hodneland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turneringsansvarleg for Bjørnefjorden Tesla Open, Gjermund Engelsen, trur på ei herleg avslutning.

- I fjor var det jo nærast storm, og ingen av deltakarane var i nærleiken av å klara det. Denne gongen trur eg me skal få fram nokre gisp. Det er fleire som har klart dette vel 180 meter lange holet på eitt slag sidan konkurransen i fjor, seier Engelsen.

Mercedes A-klasse

I dameturneringa måndag reknar han også med mange deltakarar. Også då lokkar arrangøren med ein flott hole-in-one-premie.

- Då vert det hole-in-one-konkurranse på hol 9. Skulle nokon lukkast vinn dei ein Mercedes A-klasse, seier Hodneland.

Hol 9 er det same som hol 18. For kvinnene er avstanden frå utslag til holet kring 145 m.

Vidare utover i veka inviterer dei til parturnering for inntil 48 lag, VM i putting og moglevis futgolf-konkurranse.

- Me jobbar med å få laga ein futgolfbane, men er usikker på om me får han ferdig til «Golfuken». Uansett skal banen bli ferdig i sommar, og me har store forhåpningar til denne. I mange land i Europa er futgolf kjempepopulært, seier Hodneland.

(Fakta)

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er futgolf

Futgolf er sporten der ein kombinerer fotball og golf. Ein spelar på 9 hol og nyttar fotball i staden for golfball. Ballen vert sjølvsagt sparka. Som lagkonkurranse bruker ein å spela med fire på kvart lag. Til liks med i golf er det oppsett kva som er par på kvart hol.