Ny buldrevegg på Nore Neset
Tre timar dugnad kvar søndag, og snart står den nye buldreveggen i Nore Neset aktivitetshus klar.
Frå klokka sju til ti kvar søndag kveld er det hektisk dugnad i Nore Neset aktivitetshus. Os Turlags klatregruppe held nemleg på med å byggja ny buldrevegg.
- Vi satsar på å bli ferdige før jul, seier dugnadssjef Are Stian Føleide som anslår at det meste av snekringa vert ferdig av komande helg. Deretter er det måling og skruing som står att.
Artikkelen held fram under annonsen.
Materialkostnaden står Os Turlag for, men arbeidet er dugnadsinnsats frå medlemene.
Trass ny vegg, får ikkje klatregruppa meir tid i hallen enn dei har i dag.
- Vi har fire timar i veka og kunne tenkt oss meir, men kapasiteten er diverre sprengt, sukkar Føleide.
Buldreveggen er mykje lågare enn dagens eksisterande klatrevegg. I ein buldrevegg klatrar ein nemleg utan sikring. Heldigvis skal det stå ein tjukkas-madrass under.
Ingen barnevegg
Føleide forklarer at buldring handlar om å driva med vanskeleg klatring. Enten ved at det er tungt reint fysisk, eller teknisk vanskeleg.
- For klatrarar er ein buldrevegg ein måte å lada opp til utesesongen og trena innandørs på vinteren.
- Så det er ikkje ein barnevegg trass i at han er så låg?
- Nei, den er som regel mykje vanskelegare enn ein vanleg klatrevegg og ikkje berekna på born. Det er mange vanskelege overheng, så ein må ikkje la seg lura av høgda åleine, seier han.