NORWAY CUP: Nervar i heilspenn før TV-kampen
Klokka 11.05 skal Ingrid Fagerbakke og lagveninnene på Os Turn J16 spela mot Bossmo Ytteren direkte på TV2 Sportskanalen.
- Me er nervøse då kampen vert sendt på fjernsynet, seier Fagerbakke.
«Os og Fusaposten» snakka med Fagerbakke på telefon ein time før kampstart. Ho fortel at jentene gjer det dei kan for å ikkje la nervar øydeleggja kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me høyrer på musikk og prøver å roa oss ned, seier ho.
Jentene spelte sin første kamp i går. Dei starta bra, men tapte til slutt 5-0 i oppgjeret mot Vind.
- Me må vinna i dag og i morgon for å ta oss til A-sluttspelet, seier ho.