Til vanleg trenar jentene tre gonger i veka, men fram mot noregsmeisterskapen trente dei kvar dag. Det gav resultat.
Til vanleg trenar jentene tre gonger i veka, men fram mot noregsmeisterskapen trente dei kvar dag. Det gav resultat.

Noregsmeister på første forsøk

I helga deltok Lysefjordingane Linea Økland Larsen (11) og Kristin Balland (11) i sitt første danse-NM. Sistnemnde tok gull i både freestyle og slow.

- Eg har øvd på dans i nesten eitt år. Før konkurransen øvde eg veldig mykje for at eg skulle vinna i NM, seier Kristin.

Diamond Dance

NM i freestyle/discojazz og slow gjekk føre seg i Fjellhamarhallen på Lørenskog. I freestyle-klassen var det 20 påmelde og i slow var det 40 påmelde i denne årsklassen. Dei to jentene dansar i Diamond Dance i Fana IL, men bur i Lysefjorden. Dei starta å dansa for snart eitt år sidan, og både jentene og foreldre er overraska over kor godt dei gjorde det. Linea tok seg til finalen i slow, der ho til slutt hamna på ein 7. plass. I freestyle tok ho seg til semifinalen, sjølv om ho hadde trøbbel med ein skade. Kristin tok som nemnd gull i begge klassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er overraskande, og veldig bra gjort. Det seier trenaren også. Denne idretten er stor på Austlandet, men ikkje så stor på Vestlandet. Dei har berre dansa kort tid og møtte dei flinkaste dansarane i deira aldersgruppe. Vi er imponerte, seier mor til Kristin, Lise Balland.

Toppdommarar frå England

Dansinga er lagt opp med innleiande rundar med påfølgjande delfinalar heilt fram til finalen. Det var henta inn toppdommarar frå England til meisterskapen.

- Kva er freestyle- og slow-dans?

- Det er mykje spark og hopping. I freestyle går det veldig kjapt. I slow går det, som namnet tilseier, litt saktare, fortel Kristin.

- Dommarane ser på ferdigheiter, utføringa av det ein gjer og utstråling, seier Lise.

Som ein ser på biletet, er jentene pene i tøyet.

- I slow har dei lov til å bruka slike antrekk, men ikkje i freesyle. Det kjem litt an på kva klasse ein tevlar i, fortel Lise.

Til vanleg trenar jentene tre gonger i veka, men fram mot noregsmeisterskapen trente dei kvar dag. Kristin har planen klar for neste noregsmeisterskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vil vinna då òg, smiler ho.