Nore Neset signerte to Os-spelarar
Anders Kinden og Aleksander Lindkvist følgjer i Emilis Zilinskas´ fotspor, og har signert kontrakt med Nore Neset.
Både Kinden og Lindkvist har valt å trappa litt ned, i alle fall i ein periode, av ulike grunnar. Nore Neset-trenar Arne Sælensminde tok dei i mot med opne armar.
- Dei har tilført laget mykje. Dei er to veldig gode fotballspelarar. Kinden fekk sin debut sist fredag, medan Lindkvist etter alle solemerke debuterer på fredag, seier Sælensminde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jobbar med fleire nye spelarar
Nore Neset hadde eit sterkt lag før sesongen starta, men undervegs i sesongen har det berre blitt større og sterkare. I tillegg til dei tre Os-spelarane, har Torbjørn Hjelle og Stian Dahle også signert, og Alexander Thuen har gjort comeback.
- Me jobbar med eit par spelarar til, men dei kan eg ikkje uttala meg om no, seier Sælensminde.
Bør vera i toppen
- Vil du seia at sesongen har vore ein fiasko, om de ikkje tek steget opp i 5. divisjon?
- Nei, det vil eg ikkje seia. Det er mange andre gode lag i avdelinga. Me hadde som mål før sesongen at me skulle klara å integrera alle spelarane (Søre Neset og Nore Neset slo seg saman før denne sesongen, journ.mrk), og få laget "på plass". Når det er sagt, så bør me absolutt vera i toppen når sesongen er over, seier Nore Neset-trenaren.
- Me var ikkje budd
Det står att seks kampar av årets sesong, og Nore Neset skal møta fleire av opprykkskandidatane.
- I tillegg skal me møta begge studentlaga, NHH 3 og BI. Ein veit aldri kva lag dei stiller. Me kan risikera å møta eit lag med spelarar som stort sett har spelt i 4. divisjon og oppover, seier Sælensminde.
Eit av to tap i år kom mot nettopp NHH 3.
- Me var ikkje budd på det som møtte oss, og tok nok for lett på dei. Det er nok den kampen me har lært mest av i år, seier Sælensminde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Neste kamp for dei blå er heime mot Sandviken 2 fredag.