Nore Neset/Os J17 er klar for kvartfinale!
Slo tysk lag i straffespark-konkurranse.
Nore Neset/Os J17 2 vann 8-delsfinalen mot tyske Fortuna Dresden på straffespark-konkurranse.
No ventar kvartfinale mot Askøy eller Amasone Fotball i morgon, fredag, kl 12.30.
Artikkelen held fram under annonsen.
I gruppespelet enda dei på andreplass etter 2-2 mot Utleira, 1-0 mot Haugar og 4-0 mot Kvass/Ulvungen.
I finalespelet starta dei med 1-0 siger i 16-delsfinalen mot Malvik før sigeren mot Fortuna Dresden.
Nore Neset/Os J17 1 spelte også 8-delsfinale torsdag kveld, mot Utleira. Der hamna dei under 1-0 etter straffe i mot.
Det vart dessverre også sluttresultatet sjølv om Nore Neset/Os var det førande laget i store delar av kampen. Norway Cup-eventyret er dermed over for denne gongen.
Laget har likevel grunn til å jubla etter innsatsen i turneringa.