Espen Rognsvåg vart den første utøvaren frå Os Orienteringsklubb som representerte klubben i eit NM.
Espen Rognsvåg vart den første utøvaren frå Os Orienteringsklubb som representerte klubben i eit NM.

NM-debuten unnagjort

Nyleg fekk Espen Rognsvåg det ærefulle oppdraget med å vera den første utøvaren frå Os Orienteringsklubb som deltok i NM.

Høvet var sprint-NM i Bergen. Konkurransen gjekk av stabelen i tettbygde strøk i området rundt Naturhistorisk museum på Nygårdshøyden.

- Hovudpoenget med å stilla var å få vera den første frå Os Orienteringsklubb som stilte til start i eit NM. Samstundes var det kjekt å få prøve klubbens flett nye, flotte drakt, fortel Rognsvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje heilt dagen

Klubbens flett nye sportslege leiar hadde som mål å nå finalen. Det klarte han dessverre ikkje.

- Eg visste at med eit heilt perfekt orienteringsteknisk løp og med ei god dagsform, så var det mogleg å bli blant dei 30 beste i kvalifiseringa og få plass i finalen. Dessverre var ingen av delene heilt på plass. Eg vart nummer 16 i mitt heat og var 1,10 minutt frå å kvalifisera meg til finalen, fortel Rognsvåg.

Han er uansett nøgd med at Os OK har fått registrert sitt første NM-resultat.

Espen i farten i gatane ved Naturhistorisk museum på Nygårdshøyden i Bergen.
Espen i farten i gatane ved Naturhistorisk museum på Nygårdshøyden i Bergen.

Finalen vart vunnen av Trond Einar Moen Perdersli frå Trøndelag. Kvinneklassen vart vunnen av Mariann Andersen frå Kristiansand.