Arna-Bjørnar-trenar Bjarne Hagen starta treningsøkta med å fortelja om kvifor Barcelona-legenden Xavi Hernández vart så god. - Fordi han lærte seg å tenkja raskt, og handla raskt. Det skal me øva på i dag, sa Hagen til Os-jentene.
Arna-Bjørnar-trenar Bjarne Hagen starta treningsøkta med å fortelja om kvifor Barcelona-legenden Xavi Hernández vart så god. - Fordi han lærte seg å tenkja raskt, og handla raskt. Det skal me øva på i dag, sa Hagen til Os-jentene.

Når kjem neste Os-jente til oss?

Dette var spørsmålet frå Arna-Bjørnar-trenar Bjarne Hagen før han leidde treninga for Os jenter 16 onsdag.

Det vart ein real profesjonell kick-off på ny sesong for det komande jenter 16-laget til Os Turn onsdag kveld. Trenar Frode Lundgren hadde nemleg invitert A-lagstrenar Bjarne Hagen frå Arna Bjørnar til Kuventræ. Toppserietrenaren stilte både som føredragshaldar, motivasjons-vekkjar og trenar. I tillegg hadde han med seg to talentfulle spelarar som er i ferd med å etablera seg på bergens beste damelag.

Trong ein pangstart

- Jentene har gjennomført ein god sesong, men no tenkte eg dei trong eit lite puff. Neste år vert dei jenter 16-spelarar. Då er det viktig at me løftar oss litt og tek eit ekstra tak for å utvikla oss, seier trenar Frode Lundgren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ønskjer at jentene skal bli meir medvitne på kva som skal til for å verkeleg bli betre.

- Bjarne Hagen er rette mannen til å seia noko om dette. I dag får dei både motivasjon og ein vekkjar, seier Lundgren.

Os-jentene har hatt bra suksess så langt i karrieren. Så seint som i haust vann dei Lagunen Fotballfest.

Os-jentene følgjer godt med på Bjarne Hagens føredrag i klubbhuset på Kuventræ.
Os-jentene følgjer godt med på Bjarne Hagens føredrag i klubbhuset på Kuventræ.
Os-jentenes trenar, Frode Lundgren, var stornøgd med å få ein kapasitet som Bjarne Hagen til Kuventræ.
Os-jentenes trenar, Frode Lundgren, var stornøgd med å få ein kapasitet som Bjarne Hagen til Kuventræ.
Emilie Nautnes og Kristin Müller fortalde Os-jentene om korleis dei hadde jobba for å koma dit dei er i Arna-Bjørnar i dag.
Emilie Nautnes og Kristin Müller fortalde Os-jentene om korleis dei hadde jobba for å koma dit dei er i Arna-Bjørnar i dag.
Veslemøy Stokke, Maria Rynning og Tippawan Saleekul lèt seg inspirera av Arna-Bjørnar-trenaren og hans to talent. Os-trioen er klar for å satsa hardt på fotballen i tida framover.
Veslemøy Stokke, Maria Rynning og Tippawan Saleekul lèt seg inspirera av Arna-Bjørnar-trenaren og hans to talent. Os-trioen er klar for å satsa hardt på fotballen i tida framover.
Samla gjeng av Os jenter 16-spelarar. Bjarne Hagen og hans to store talent, Emilie Nautnes og Kristin Müller.
Samla gjeng av Os jenter 16-spelarar. Bjarne Hagen og hans to store talent, Emilie Nautnes og Kristin Müller.

- Dei må berre ikkje tenkja at framgangen kjem av seg sjølv...Nett det trur eg Bjarne kan fortelja dei ein heil del om her i dag, seier Lundgren.

Vilje, vilje, vilje

- Det kostar blod, sveitte og tårer å bli god i fotball. Ein må ha vilje og ståpå-evne. I Arna-Bjørnar pratar me om å vera utolmodig og uthaldande på ein gong. Med det meiner me: Ein skal ønskja hurtig utvikling, men ein skal ha vilje og tolmod til å prøva lenge nok til at resultata kjem, fortel Arna-Bjørnar-trenaren.

Vossingen fangar samtlege av dei 17 jenter 16-spelaranes merksemd frå første stund. Medan Toppserie-trenaren pratar er det elles knyst i klubbhuset på Kuventræ.

- Det finst fleire måtar å bli Toppserie-spelar på for unge spelarar. Hos oss startar det ofte med at ein får hospitera på treningane slik Emilie Nautnes og Kristin Müller har gjort, fortel Hagen og presenterer dei to jentene.

- Emilie er 17 år, kjem frå ein plass utanfor Molde og er spiss. Kristin kjem frå Loddefjord er 16 år og stoppar. Begge har teke steget og er i ferd med å bli A-lagsspelarar for oss, fortel Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

20 timar i veka

Begge jentene går på Tertnes vidaregåande skule.

- Me har eit tett program i veka. På dagtid trenar me kring 12 timar. På kveldstid vert det 10. Totalt har me altså 20 timar fast trening i veka. I tillegg kjem eigentrening, fortel jentene.

Ettersom Bjarne Hagen er trenar-konsulent for skulen, har han god kontroll med kva jentene til ei kvar tid har gjort på dag-øktene.

- Det hjelper meg å tilpassa ettermiddagstreningane deira. Nokre gonger må ein handsama spelarane individuelt. Men som oftast vert det full guffe. Dette er unge jenter som toler mykje trening, og det må ein dersom ein vil lukkast å nå langt, seier Hagen.

Medan Os-jentene høyrer på, definerer han dei to talentas mål for komande sesong.

- I år hadde du Emilie sju kampar frå start, pluss seks innhopp i Toppserien. Då er det ikkje stort nok mål å skulle etablera deg som Toppserie-spelar. Du skal etablera deg som U17-landslagsspelar. Ein må ha tøffe mål, ikkje sant, seier Hagen til latter både frå Emilie og Os-jentene.

- Og du, Kristin. Du hadde to innhopp i Toppserien i fjor. Du skal ha mål om mykje speletid, og du skal også ha mål om landslagsspel. Ikkje sant?

- Hmm, seier Loddefjord-jenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Osingar i Arna-Bjørnar

For å motivera osingane ytterlegare, viser Hagen døme på osingar som har lukkast i å nå Toppserien.

- Her har me to Os-jenter som både har spelt for Arna-Bjørnar, og som har representert Noreg i ein meisterskap. Jannicke Linde og Trine Lund. Dessutan har me Åsne Takle Eide som har vore i klubben i mange år, samt har spelt for landslaget. Kven blir den neste Os-jenta som kjem til oss? spør Hagen.

Før han svarar sjølv:

- I denne gruppa her finst det heilt sikkert talent nok. Spørsmålet er om ein har vilje nok. Eg håpar verkeleg å sjå nokon av dykk ta steget mot toppfotballen.

Før jentene fekk snøra på seg fotballskorne og sprang ut i regnet, rakk Hagen ein siste kommentar til kvifor Os-jentene ved seinare høve kanskje bør sjå i retning av Arna-Bjørnar.

- Me er blant dei beste talentutviklarane i landet. Eit døme på det er Statoils talentprisar. Dei siste åra har sju av våre spelarar fått denne prisen. Det er mest i Noreg, smiler Hagen.

Motivert for satsing

Etter føredraget hadde Bjarne Hagen, Emilie Nautnes og Kristin Müller ei full treningsøkt med Os-jentene. På veg ut i regnet fekk lokalavisa ein kjapp prat med tre av våre lokale talent - Veslemøy Stokke, Maria Rynning og Tippawan Saleekul.

- Vart de motiverte no då, jenter?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det var spennande å høyra.

- De vart ikkje skremd av all treninga som krevst?

- Jo, litt, seier Veslemøy.

- Neidå, me må vel rekna med såpass dersom me verkeleg skal bli gode, kvitterer Maria og Tippawan.

- Men er de klare for å satsa då?

- Åjada. Gjett om.