Møter Nordhordland i NM
Os må slå 4. divisjonslaget Nordhordland for å ta seg til 2. kvalifiseringsrunde i NM.
I fjor tok Os seg til første runde i NM, men det var ikkje utan dramatikk. I første kvalifiseringsrunde spelte dei borte mot fjerdedivisjonslaget NHH. Ved fulltid stod det 2-2, men i ekstraomgangane var Os sterkast, og vann til slutt 4-3. I andre kvalifiseringsrunde måtte det straffesparkkonkurrane til for å avgjera om det var Os eller Tertnes som kom vidare til første runde i cupen. Os trekte det lengste strået, og i første runde fekk dei storfint besøk på Kuventræ, då Brann stod på motsett banehalvdel. Brann blei som venta for sterke, men kanskje Os kan få sjansen til revansj i år.
Håpar på lokaloppgjer
Lysekloster tok seg også til første runde i fjor. På heimebane slo dei Bjarg komfortabelt 7-3, før dei vann 2-1 borte mot Lyngbø. I første runde fekk dei heimeoppgjer mot Sogndal. Ein kamp som blei spelt på Kuventræ grunna banearbeid i Lysefjorden. Sogndal viste at det var kvalitetsforskjell på laga, og vann 5-1. Sidan Lysekloster rykte opp i fjor, går dei som 2. divisjonsklubb direkte til første runde i cupen i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det hadde vore kjekt om me fekk eit lokaloppgjer, fortel Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.