Motbakkeløpet som tok av
I fjor vart det løype- og deltakarrekord. Arrangørane av Langedalen opp var mest glad for det siste.
- Me ønskjer sjølvsagt gode løparar og tøffe duellar i bakken, men mest av alt gler me oss når me klarer å lokka "mannen i gata", born, og gjerne heile familier til arrangementet. Langedalen opp er nemleg vel så mykje eit mosjonsløp som ein konkurranse, seier Andras Søfteland i Søfteland TIL.
I lag med Olav Hovland og Kjetil Haukeland i arrangementskomiteen ventar han spent på neste vekes langtidsvarsling.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ingen hemmeligheit at vêret har mykje å seia for slike løp. I fjor hadde me strålande solskin og kunne notera oss for ny deltakarrekord med over 200 på startstreken. Med like fint vêr neste søndag håpar me på endå fleire, seier Søfteland.
To løyper
Motbakkeløpet Langedalen opp har hatt ein jamn auke i talet på deltkarar for kvart år sidan løpet første gong vart arrangert i 2012. Søfteland forklarer suksessen slik:
- Langedalen opp er eit overkomeleg løp. Det er ikkje all verda langt, og me har løyper som er tilpassa ulike aldersgrupper og deltakar-grupper. I tillegg har me ein veldig familievenleg ramme kring arrangementet, med premie til alle borna og deltakarpremie på tilfeldig valde startnummer, seier Søfteland.
I år er det to løyper. Den kortaste er på 1,4 km og er i hovudsak for mosjonistar og born. Den andre er på 2 km og er for dei som vil konkurrera.
- Den korte løypa startar ved Jokeren. Den lengste går frå Vindalsvatnet. Begge har mål på toppen av Langedalsbakken.
Tøff duell
Tidlegare år har konkurranseløypa gått gjennom Hjetlandsvegen i starten av etappen. I fjor endra arrangørane på løypa og leidde løparane frå Vindalsvatnet og opp til fortauet på E39 før løypa gjekk vidare inn Langedalen.
- Av praktiske omsyn vert det slik i år også. Endringa gjer at løypa vert litt lengre. I så måte er det ekstra imponerande at Espen Roll Karlsen frå Gneist klarte å slå sin eigen løyperekord i fjor. Etter ein knalltøff duell med Norna-Salhus-løpar Erik Hovlandsdal nådde Espen mål på tida 7,09. Den tida kan bli vanskeleg å slå, seier Søfteland.