Finaleklare: Anders Mol og Christian vart allereie historiske då dei sikra seg plass i semifinalen i sandvolleyball i OL. No får dei spela finale også.

Mol og Sørum klare for OL-finale

Anders Mol og Christian Sørum heldt Latvia på trygg avstand gjennom heile semifinalen. No er duoen klar for ein historisk OL-finale.

I semifinalen møtte sandvolleyballduoen latviarane Martins Plavins og Edgars Tocs.

Noreg tok tidleg leiinga i første sett, og heldt motstandarane på trygg avstand heile vegen. Det første settet enda med 21–15-siger til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I andre settet heldt det gode spelet fram. Settet enda 21-16, dermed er Mol og Sørum klare for ein historisk OL-finale.