Mikkelsen har trua før innspurten
- No har me to "cupfinalar" igjen av sesongen. Me startar med å slå Bjarg på laurdag, seier Marius Mikkelsen.
Den robuste midtbanespelaren vedgår at spelarane kjenner på alvoret før dei to siste kampane i årets serie, men at dei også er optimistiske og har trua på at Os skal halda plassen i 3. divisjon.
- Det står att to kampar. Heime mot Bjarg og borte mot Sotra. Begge kampane er tøffe, men med litt meir medgang enn me har hatt i det siste, kan me godt enda med å vinna begge to, seier austevollingen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Betre enn i vår
Trass i 1-3-tap for Varegg i sist serierunde ligg Os framleis på den viktige fjerdeplassen som gjev fornya kontrakt i 3. divisjon. Men komande laurdag er det nærast ein seks-poengs-kamp mot Bjarg.
Vårkampen mot laget frå Stavollen enda med 4-1-tap for osingane. Mikkelsen meiner Os har betre sjanse denne gongen.
- Eg føler me er betre no enn me var i vår. Då tok dei oss på kontringar. Me skal jobba hardt for at dei ikkje skal få for mange overgangar mot oss no laurdag, seier midtbanemannen.
Han meiner Os har vore betre enn resultata skulle tilseia den siste tida.
- Me har hatt mykje stong ut, og me har styrt mykje av spelet utan å få utteljing. Dei bruker å seia at ting jamnar seg ut over ein heil sesong. Då føler eg me har litt tur til gode, smiler han.
Skal spela klokt
Os-trenar Hassan El Fakiri har tidlegare fått spørsmål frå Os og Fusaposten om ikkje det er fornuftig å leggja spelestil-ambisjonane litt på hylla når det trass alt berre handlar om å kapra nok poeng for å overleva i divisjonen. Til no har han vore kompromisslaus, men før Bjarg-kampen opnar han for at dei kanskje skal gjera små justeringar.
- Dette er ein kamp me må vinna. Me har ikkje noko val. Dersom dei slår oss, kan løpet vera køyrt. I så måte skal me vera litt kynsiske, men me kan ikkje kasta heile spelestilen vår på båten i dei siste serieomgangane. Me må halda fram med å prøva å vera gode på det me har trena på. Nemleg å ha ballen mykje og styra spelet, seier trenaren.
- Kva må de lukkast med, som ikkje fungerte så godt mot Varegg?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me må vera meir heilhjarta med løpa våre og få nok folk inn i feltet før innlegga kjem. I tillegg må me våga å gå for fleire avslutningar frå avstand. For å sleppa unødige kontringar i mot er det viktig å få avslutta angrepa, seier Fakiri.