Meir og meir effektive
Måndag vann Søfteland A-lag sin sjette siger på rad. Ramo Racic skåra tre.
Heime mot Viggo vart det 6-0. Den heimvende stopparen meiner laget glatt kunne vunne meir.
- Det er ikkje noko problem med sjansar. Det produserer me i søkk og kav, men tidlegare i vår sleit me meir med å skåra mål. No byrjar det å losna, seier Bergstø.
Artikkelen held fram under annonsen.
I sist serierunde slo dei tabelleiar Fri 2-1. Med 6-0-sigeren måndag har dei framleis tabelltoppen i 6. divisjon avdeling 01, men har ein kamp meir spelt enn nemde Fri og Loddefjord 2, som begge kan ta topplasseringa frå Søfteland før sommaren.
- Loddefjord 2 slo oss 5-1 i andre serierunde. Det var også ein kamp der me skapte ei rekkje sjansar. Heldigvis har me blitt tryggare framfor mål, seier Bergstø.
Målskårarar heime mot Viggo vart Ramo Racic (3), Dani Bergstø, Eirik Johnsen og Kenneth Veastad.
I dag spelar dei grøne og kvitstripa sin siste seriekamp før feriepausen. Motstander er Kjøkkelvik og kampen er på bortebane.