Meiningsfull sommarjobb
Det er ikkje alle born og unge som får sjansen til å reisa i ferien. Målfrid Pettersen Lunde gav heimeverande eit tilbod.
I tre veker denne sommaren jobba osingen med prosjektet FanaSprek. FanaSprek vart starta i fjor og er resultat av eit samarbeid mellom Fana IL, Idrettsrådet i Bergen kommune og Barne-, ungdoms- og familierådet.
- Då prosjektet vart starta i fjor var det i utgangspunktet for born og unge i Fana. I år utvida me og inviterte også frå Os, fortel friidrettsutøvar Målfrid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho leidde FanaSprek-prosjektet denne sommaren i lag med sykFana-listen Aleksander Bøe.
Tre veker
Totalt leidde ho FanaSprek i tre veker. Kvar vekedag hadde dei inntil 30 med.
- Frå Os hadde me sju innvandrarar. Dei vart henta med minibuss kvar dag og køyrt til møteplassen vår på Nesttun idrettsplass, fortel Målfrid.
Ho opplevde det som ein svært gjevande sommarjobb.
- Det var utruleg kjekt å sjå kor mykje borna sette pris på det å få vera med på noko utanom det vanlege. Til dømes var det spesielt å ta med enkelte på deira første båttur i livet, fortel 18 år gamle Målfrid.
Av andre utfluktar dei tok borna med på, var bading i Melkeviken, tur på Leos leikeland, Akvariet i Bergen, tur på Fløyen, båtturar og mykje anna.
- Det var tre veker med mykje moro, både for deltakarane og oss som arrangerte. Eg seier ikkje nei til å gjera dette igjen neste sommar, seier Målfrid.
Til NM
På friidrettsbanen har Kuvågenjenta hatt ein heller svak sesong. Grunna ein skade fekk ho ikkje den oppkøyringa ho hadde ønskt seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men eg stiller i junior-NM til helga. Målet er å persa i tre-steg, seier 18-åringen, som har 11,13 som si beste notering i denne øvinga frå før.
- Og plasseringsmessig då, kva håpar du på?
- Det er vanskeleg å seia. Eg kan jo vera heldig å ta medalje. Eg får i alle høve håpa på ei topp-fem-plassering, seier Målfrid.