Medaljeras i NM
Ein noregsmeister og fleire pallplasseringar vart resultatet for Fusa Karateklubb under helgas NM.
Fusa karateklubb gjorde ein solid innsats då dei laurdag deltok i NM i JKA-karate i Bergen.
Anni Skåtun (16) kom heim som fersk noregsmeister i kata (mønster), jenter dan 16.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg innkasserte ho sølvet i lagkumite (lagkamp) saman med lagveninnene Alvhilde Hellebø og Marte Ekeberg Klippen.
Helene Almås Aase tok bronse i kumite.
Fusa karateklubb hadde seks av sine utøvarar med i tevlinga, som hadde totalt 240 deltakarar.
Noregsmeisterskapen i JKA-karate vart halden i Bergen, og Arne karateklubb var teknisk arrangør.
I tillegg til dei aktive medlemene i Fusa karateklubb, gjorde to tidlegare medlemer i klubben det svært godt for sine nye klubbar.
Benjamin Skåtun (dan senior) tok gull både i kumite og lagkumite, samt sølv i kata.
Søstera Lena Skåtun (dan senior) følgde opp med heile tre gull og eitt sølv - nemleg gull i kumite, lagkumite og lagkata og sølv i kata.
På toppen av dette vart Benjamin og Lena kåra til høvesvis beste mannlege og beste kvinnelege utøvar på stemnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I videoen ser du Benjamin Skåtun under ein av helgas kampar. Videoen er frå innleiande runde som han vann med teknikken ushiro-geri.