Duell: Sebastian Glaser i duell. Julian Sælen og Jamie Eide følgjer med.

— Med kanonsol og tradisjonell “vårduft” frå diverse åkrar, baud gutane opptil festspel

Pangstart for Søftelands A-lag då sesongen blei opna på Stilvoll.

Det har vore nokre år utan herrelag på Søfteland. Men bygda som nett har blitt kvitt tungtrafikken har no fått tilbake ein del spelarar som har spela i andre klubbar i “grannelaget” i kommunen — alder 17 år og oppover. I tillegg har nokre spelarar som eigentleg hadde lagt skoa i møllposen, grave dei fram att og funne at dei framleis passa.

Alle desse kjenner ein og annan innflyttar med dialektar vi har høyrt på Norge Rundt og har drege dei ut av kosekroken og med seg på trening og kamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søfteland tok imot Bjarg 3 på Stilvoll i strålande vårvêr laurdag 22. april. Det tok 18 sekund før ballen klaska i tverrliggjar og over Bjarg-målet.

Det var målsjansar til begge lag dei første minutta. I det 8. minutt fann Isak Sælen nettmaskene. Frå Bjarg-avspark på midtbanen stal Søfteland ballen med ein gong. Jonathan Heggeland Lien fekk til slutt ballen og skåra sikkert.

1-0 og 2-0 i løpet av 90 sekund bar bod om mange mål. Og det skulle det bli, men me måtte venta til kampuret viste 35 minutt før det vart meir utteljing. Sebastian Johnsen skåra eitt og Tommy Wold Gjelsvik skåra to mål dei siste minutta av omgangen. 5-0 til pause gav publikummet på Stilvoll grunn til å vera nøgde.

Andre omgang vart jamnare, og mange frispark og ein del gule kort fortalde litt om slitne bein her og der.

Men mållaust vart det ikkje. Allereie tre minutt inn i omgangen la Robert Storlid Jellestad på til 6-0 før Bjarg reduserte til 6-1.

Som så ofte når beina er treigare enn 'håve', blir det straffe. Først til Søfteland som Jellestad sette sikkert i mål, så til Bjarg i minuttet etter. Også dei var sikker frå kritmerket og stillinga var 7-2.

Medan klokka drog seg mot 90 minutt, skåra Bjarg igjen og fastsette med det sluttresultatet til 7-3.

Alt i alt ein veldig god start på sesongen for Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Ove Skorpen