Måtte bryta etter halvgått løp
I eitt år hadde han sett fram til VM i ultratrail i Sanesi. 44 km ut i løpet måtte han innsjå at løpet var over. Thomas Andersen var tom.
- Eg får reisa heim i skammen og byrja å trena igjen, skjemtar 41-åringen.
Før han meir alvorleg legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Neida, eg kan ikkje leggja meg ned og grina, men det er klart det er frykteleg skuffande å ikkje få fullført eit løp ein har førebudd seg på i så lang tid, seier Andersen.
Tre som braut
VM i ultratrail gjekk av stabelen i franske Annecy. Løpet var 85 km langt og omfatta heile 5.300 stigningsmeter. Andersen stilte til start i lag med fire andre norske løparar. Før start hadde dei som mål ta medalje i lagkampen.
- Det kunne me kjapt berre gløyma. Halveges i løpet var me tre som måtte kasta inn handkledet. For å få teljande resultat i lagtevlinga måtte me ha tre utøvarar til mål, fortel Andersen.
Beste norske vart Didrik Hermansen. Naprapaten frå Oslo sprang i mål til tida 8.59 og vart med det nummer ti.
- Det var knusebra. Sjølv sprang eg løypa i fjor sommar. Då nådde eg mål på 9.50. Hadde eg gjort det i helga, hadde eg plassert meg blant dei par og tredve beste, fortel han.
Heilt tom
VM-starten gjekk midt på natta. I timane før sleit Thomas med å få sova.
- Oppladinga var nok ikkje den beste. Eg sov kanskje ein time. Deretter bar det av garde i ein tettpakka buss til startplassen.
Dei første to timane av løpet var det rakt oppover.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Først fekk eg problem med for høg puls. Då eg fekk kontroll på han, byrja eg å slita med andre ting, som til dømes å ta til meg næring.
Ved passering 44 km låg han ein time bak si eiga passeringstid frå fjoråret.
- Det var jo ikkje akkurat motiverande. Dessutan var eg heilt tom. Det var ikkje anna å gjera enn å bryta, seier han.
Optimistisk
Ved same stasjon sa også lagkamerat Sverre Sletthaug takk for seg.
- Me var tre norske som gav oss ved den stasjonen. Veldig skuffande, men når du nærast føler du held på å dø, så er det best å gje seg.
- Korleis er det med sjølvtilliten etter ei slik oppleving?
- Den får seg jo sjølvsagt ein knekk, men ein kan ikkje tenkja for mykje på det. Det var den dagen - eller natta - då kroppen ikkje ville spela på lag. Surt at det skulle skje nettopp i eit VM, men sånn var det. No gjeld det å sjå framover, seier Andersen.
Hornhindal rundt
For Thomas var VM i Annecy blant årets desiderte høgdepunkt. Heldigvis har han fleire store løp å sjå fram mot.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No skal eg heim og trena for Hornhindalen rundt. Det er eit løp eg bør ha sjanse til å plassera meg blant dei tre-fire beste, kanskje til og med vinna.
Løpet er 75 km langt og går av stabelen laurdag 4. juli.
Det var den dagen - eller natta - då kroppen ikkje ville spela på lag. Surt at det skulle skje nettopp i eit VM