Matchvinnar og Norway-cup-vinnar
Madelen Koldal Holme vart matchvinnar då Stord vann jenter 19-finalen i Norway-cup.
Drange-jenta, som til dagen spelar for Sandviken damelag, har spelt for Stord i den store cupen på Ekeberg. Laurdag vart 16-åringen den store helten då ho sette inn det einaste målet i finalen mellom Stord og Tiller frå Trondheim.
Kampen hadde då gått til ekstraomganger og heilt på tampen av andre ekstraomgang vart det ein missforståing mellom Tillers stopper og keeper. På rett plass var ingen ringere enn jenten med dei lyse krøllane. 16 år gamle Madelen stussa ikkje eit sekund. Skåra golden goal-målet og kunne feira med lagveninnene.
Artikkelen held fram under annonsen.