Heilt i noregstoppen: Martin Hjertaker (16) kopierte fjoråret
TRONDHEIM: Martin Hjertaker (16) blei nummer tre i høgde, og fire i tresteg under UM (NM for yngre) i Trondheim. Nøyaktig det same som under tilsvarande meisterskap i fjor.
Tekst og foto: Rune Helle
– Det klaffa ikkje hundre prosent for meg denne helga, seier Martin som har høgde som si klart beste øving.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her har han sterke 1,86 som personleg rekord. I helga blei det 1,80.
Sølvet gjekk og på 1,80, og gullet på 1,85.
– Eg hadde nokre gode forsøk på 1,85. Hadde er gått over her, ville eg vore nøgd, sjølv om det ikkje hadde blitt siger, seier høgdetalentet.
Nummer to i Noreg
Martin var nummer to i Norge då han hoppa 1,85 før ferien. Gull- og sølvvinnaren har begge 1,90. Men Martin har slått dei før.
– Eg hadde håpa å bli stabil på slike høgder, og kanskje og koma meg opp imot 1.90. No kan det sjå ut til å bli vanskeleg denne sesongen, seier Martin som ikkje er kvalifisert for senior-NM helga som kjem.
– Ingen av dei beste i min klasse er det, konstaterer han.
Dei to beste i helga har begge 1,90 som pers. Trioen er landets klart beste i høgde.
– Eg fekk plassen min på rankingen, men det var ikkje langt fram. Med 1,85 i første forsøk kunne ting sett annleis ut, oppsummerer han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Martin har 1,90 inne på ein god dag.
– Det handlar mykje om å treffe i tilløpet. Sit det, har eg større høgder inne, seier han.
Greit i tresteg
Martin blei nummer fire i tresteg på 12,41. Han har 12,45 som pers frå UM i fjor. Sølvet gjekk på 12,47.
– Her var det tett. Eg trenar lite tresteg. Nivået i høgde blant gutane på min alder er nok høgare enn i tresteg, avsluttar Martin etter sesongens viktigaste stevne.
Thea Olsvold Hausberg blei nummer seks i diskos og sju i kule. Thea persa med to meter i diskos.
Thea var og kvalifisert for junior-NM tidlegare i sommar.