Martin Eidsvik gjekk til Brann. Her er erstattaren hans
Marcus André Blumenfeldt Vindenes (25) er tilsett som Utviklingsansvarleg fotball i Nore Neset Idrettslag.
Det opplyser klubben i ei pressemelding fredag.
— Marcus startar i stillinga 1. august, og erstattar med det Martin Eidsvik som er begynt hos Sportsklubben Brann, skriv klubben.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marcus er 25 år, og har nyleg avslutta 2. året faglærar i kroppsøving og idrettsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste åtte åra har han vore fotballtrenar for ulike lag i Loddefjord IL, og dessutan vore instruktør ved fotballfritidsordningane på Askøy og i Loddefjord. Dei siste tre åra har han også hatt ansvaret for fotballfritidsordninga til Søreide IL.
— Marcus har også god erfaring frå idretten si organisering etter fire år i ungdomsstyret og to år i hovudstyret til Loddefjord IL, skriv klubben.
— Med Marcus får Nore Neset Idrettslag ein ung og dyktig fotballressurs, som trass i sin unge alder, allereie har opparbeidd seg lang og god erfaring innan fotball. Marcus vil få ansvaret for fotballfritidsordninga vår og fotballakademiet, og dessutan oppfølging av trenarar og leiarar i fotballgruppa vår.