Maren vart trippel vestlandsmeister
Osingane Daniel Myklebust Fjellstad og Maren Evensen slo begge til med siger i Vestlandsstemnet i Rosendal. (Saka er oppdatert)
– Dette er utruleg bra, rapporterer ein strålande blid pappa og skytterentusiast Jan Kristian Evensen.
Før dagens finaler, leia dottera Maren Evensen bane med 250. I felt låg ho på tredje plass med 30/27 i klassen eldre rekrutt. I finalen gjekk ho heilt til topps og vart vestlandsmeister.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før dagen var omme vann ho også 100 meter bane i klassen Eldre Rekrutt med 350 poeng. Dermed er ho dobbel vestlandsmeister og medlem i 350-klubben.
Maren gav seg likevel ikkje her. Ho skaut nemleg 30/27 på innleiande feltskyting, følgde opp og skaut 6/5 og 6/6 i finalen. Sanneleg vart ho vestlandsmeister i feltskyting også.
Heilt til topps gjekk også Daniel Myklebust Fjellstad i rekruttklassen. Han fekk 30/12 på innleiande skyting, og i finalen skaut han 6/4 og 6/4 og enda med 42/8.
Daniel fekk også en 7. plass etter finaleskyting på 100 meter bane.
Sofie Evensen, som hadde ein femteplass frå laurdagen med 30/21 på felt og 247 på bane i klassen Junior, skaut seg opp til ein sølvplass i feltskytinga.
Ho enda på ein sjette plass på 100 meter bane.
Godt vaksne meistrar frå Os
Reidar Dahle skaut 100 i finalen og enda med 349 poeng og er ny vestlandsmeister i klassen V75.
I lagskyting i klassen Veteran deltok to medlemer frå Os, Reidar Dahle og Arvid Austefjord, saman med Gunnbjørg Ågotnes og Geir Rosnes. Desse stilte som Hordaland lag 1 og vann lagskytingen med 394 poeng.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oddvar Drange fekk en 2. plass på 100 meter bane i klassen V65.
Godt vaksne meistrar frå Fusa
Også Hålandsdalen/Eikelandsfjorden skyttarlag gjorde det skarpt i fleire klasser.
Arne Rød vart vestlandsmeister baneskyting på 200m i klasse Veteran 55 år. Rød leia etter fyrste dag med 248 poeng og følgde opp i finalen med fullt hus og 100 poeng, til saman 348 poeng og meisterskapstittel.
Han gjorde det også bra på både feltskyting, stangskytinga og felthurtigskyting. Laget hadde i tillegg fleire andre finaledeltakarar i andre klassar/øvingar.
Fusingen Håkon Ådland, som skyt for Tysse skyttarlag, enda på ein tredje plass i V55 bane.
Av kvinnene slo Sølvi Løberg frå Strandvik til med 28/19 og ein andre plass i klassen nybegynnar vaksen. Ho fekk også 243 på bane og vann dermed klassen.
Ikkje til topps
Fleire andre osingar deltok også, utan å nå heilt til topps. Desse var Gaute Eide Bergstø, Oddvar Eikemo, Odd Gorm-Hansenog Rolv Lekven.