Mange flinke dommarspirer
Dommarstanden i Søfteland TIL er betre enn noko sinne. I helga fekk fleire unge kampleiarar elddåpen sin i STILcup.
Med kring 40 påmelde lag er det fullt program på STILvoll denne helga.
Det er åttande året på rad at Søfteland-klubben arrangerer fotballcup for aldersbestemte i alderen 6-12, og det er andre året på rad at dei også legg cupen over to dagar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Cupen er blitt stor. Når alle laga skal spela tre kampar kvar, snakkar me om godt over 100 kampar. Då må me nesten fordela programmet over laurdag og søndag, seier turneringsleiar Kjetil Laasby.
Innsatsfull kioskgjeng
I lag med resten av gjengen i fotballstyret har han førebudd cupen ei god stund.
Blant dei andre sentrale er dommaransvarleg Roar Wold. Han føler for å skryta litt av 'kiosk-gjengen' også.
- Me har ein svært så flink og innsatsfull kioskgjeng. Dei syt for at det meste av inntakelege forsyningar er på plass. Elles går det mest i koordineringsarbeid for oss andre i fotballstyret, seier Wold.
Då «Os og Fusaposten» var på plass på laurdag, var det dei eldste som var i sving. Søndag var det 5-ar-fotball-gjengen sin tur.
- Ettersom A-laget til Søfteland har seriekamp mot Nordnes midt på dagen i dag, så måtte me dela cupen i to også i år, fortel Wold.
Han håpa ein del av cupdeltakarane ville vera igjen og heia på dei grøne og kvitstripa i deira første heimekamp i 5. divisjon.
16 nye dommarar
Roar Wold har i fleire år vore ein ivrig dommar sjølv. I Søfteland har han ansvaret for rekrutteringa til dommargruppa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det verkar å verta meir og meir populært å bli dommar, og me har aldri hatt så bra rekruttering som no, fortel han.
- Her nyleg hadde eg kurs for 16 unge dommar-spirer, og flesteparten av dei er i aksjon her på kunstgraset denne helga. Eg tenkjer at dette er ein flott og passande arena å gjera unna dommardebuten sin på, legg han til.
Med sju-åtte 13-14-åringar som har vore med ei stund, er idrettslaget på Søfteland svært godt rusta når det gjeld dommarar denne sesongen.
- Me har vel 16-17 såkalla klubbdommarar no, og det verkar som dei synest det er kjekt. Dessutan får dei jo litt betalt også. Det er jo sjølvsagt litt gjævt, smiler Wold.
Suverene jenter
Blant laga som var i aksjon på laurdag var det kanskje jenter 04-laget til Søfteland som imponerte mest.
- Me er rågode. No har me nett vunnet 5-0 og 3-0, og no skal me ut og vinna vår siste kamp mot Fri, sa Madelen Lindborg, Ida Nielsen og Silje Kleppe Laasby før det siste oppgjeret.
Etter å ha gjort som dei sa, var dei ikkje mindre kjepphøge.
- Ser du, me vann jo som me sa. No må du skriva at me vann alle kampane våre og at me var suverene, flirte jentene då dei vart foreviga for lagbilete.