Målfesten ville ingen ende ta
Med 6-2-siger over Bjarg, var jubelscenene mange på Kuventræ stadion. - Dette viser at det me har trent på fungerer, seier trenar Ørjan Håland.
Både Bjarg og Os hadde mykje å tapa før kampstart på Kuventræ stadion, og tempoet var deretter heilt frå start. Osingane verka presise i pasningane og aggressive, og skapte mange målsjansar. Etter berre sju minutt gav det avkastning. Erik Kanestrøm sette det første målet, og berre tre minutt seinare gjentok Endre Brenne suksessen. Deretter roa osingane spelet ned ein del, og dei blå fekk spelerom. Etter kvart utligna Bjarg ved Henrik Magnussen. Raskt etterpå tok osingane kontroll att, og sette tempoet opp endå eitt hakk. Dette resulterte i ein stygg takling eller to, men også i høgdepunktet i første omgang: utligning i siste minutt ved Stian Lunde.
Dobla resultatet
Trass i ei behageleg leiing ved pause, kvilte ikkje Os på laurbæra i andre omgang. Stian Lunde sette 4-1 i kampens 62. speleminutt, og det verka ganske håplaust for dei blå. Men Didrik Milde Torbjørnsen hadde ikkje gitt opp, og eit kvarter seinare skåra han for Bjarg. Men det hjelpte lite, for Kanestrøm sette sitt andre mål for kampen fem minutt seinare, og Marius Mikkelsen skåra deretter kampens siste mål.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette var ikkje tilfeldig
Trenar Ørjan Håland var strålande nøgd med laget etter kampen, og gav målretta trening og innsats mykje av æra for at det gjekk så bra.
- Me var energiske, tekniske, gode taktisk. Meget godt gjennomført, sa Håland.
- Det er eit heilt anna Os me ser i dag enn enkelte andre kampar tidlegare i sesongen?
- Ja, me har variert. Men har spelt mange gode kampar, og så har me plutseleg vore på tulltur. Men slik me spelte i dag. det er det me trenar på. Det er det som er så gledeleg, at det ikkje er tilfeldig, seier Håland.
Har trua på tredje
Sjansane om å få bli verande i 3. divisjon er høgst levande, og Håland har gode forhåpningar når Os møter Sotra.
- Bjarg har framleis ein sjanse dersom dei vinn sin neste kamp og me tapar. Men me treng berre eitt poeng for å slå dei, så eg likar sjansane våre. Me må berre køyra på vidare, seier trenaren.