Må venta på debuten
Christer Olsen, som signerte for Lysekloster i sommar, er ikkje med når Lysekloster tek i mot Stord til treningskamp i morgon klokka 18.30.
- Eg slit med ein skade på baksida av foten. Det er framgang, men me vil ikkje risikera noko. Det er viktigare å vera klar til Sotra-kampen neste helg, seier Olsen.
Den tidlegare Os-spissen har framleis til gode å gjennomføra ei full treningsøkt med sine nye lagkameratar, grunna ferie og den omtalte skaden. No ser han fram til å kjempa om ein plass på laget, og nye utfordringar i ny klubb.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er spanande tider. Eg kjente at eg var klar for nye utfordringar. Det er litt rart å ikkje skulle spela for Os, men det er kjekt å koma til ein ny klubb, seier han.
Olsen ser føre seg å kjempa om spissplassen.
- Det er spiss eg er, men om trenarane ønskjer at eg skal spela andre stader, så gjer eg det, seier han.
Nye fjes i Os-drakt
Det kan nesten se ut til at dei to 3. divisjonslaga i kommunen har avtala å møta kvarandres serie-motstandarar til treningskamp. For medan Lysekloster spelar treningskamp mot Stord, og har seriekamp mot Sotra neste helg, skal Os ha treningskamp mot Sotra laurdag, og spela mot Stord neste helg. Os-kaptein Torkel Hjertnes er klar for kamp, og fortel at publikum kan få sjå nokre ukjente fjes i Os-drakt i helga.
- Eg reknar med at Rafael (ein midtbanespelar frå Spania som har trent med Os i sommar journ.mrk.) kjem til å spela, seier Hjertnes.
I tilleg trur han at to amerikanarar, ein keeper og ein back, kjem til å få speletid. Dei to er på prøvespel i klubben.
Kampen går på Kuventræ laurdag og startar klokka 14.