Først langt ut i november er det klart om seniorane på Nore Neset IL kan spretta champisen for andre gong denne hausten. Andrelaget kaprar kvalikplassen i avdelinga si, men må i tillegg gjennom ei pre-kvalifisering før dei kan kjempa om opprykk til 6. divisjon.
Først langt ut i november er det klart om seniorane på Nore Neset IL kan spretta champisen for andre gong denne hausten. Andrelaget kaprar kvalikplassen i avdelinga si, men må i tillegg gjennom ei pre-kvalifisering før dei kan kjempa om opprykk til 6. divisjon.

- Må ut i to kvalik-rundar

Med 1-1 heime mot Bjarg 3 sikra Nore Neset 2 seg kvalikplass for opprykk til 6. divisjon. Men andrelaget må truleg gjennom to kvalikar.

- Me håpar i det lengste at me vert blant dei tre beste toar-laga i 7. divisjon, men slik det ser ut no, vert me fjerde eller femte best. Dermed må me gjennom ein prekvalik før me eventuelt får spela den ordinære kvaliken om opprykk til 6. divisjon, seier senior-trenar i Nore Neset IL, Arne Sælensminde.

Beste laget

Søndag spelte ndrelaget på Nore Neset mot Bjarg 3 heime på Nore Neset idrettsplass. Med siger ville norenesingane hatt ein sjanse til å rykkja direkte opp frå 7. divisjon avdeling 02. Med 1-1 vert det med kvalik-plassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I denne kampen var me hakket betre, og skulle hatt tre poeng, men over ein heil sesong synest eg Bjarg 3 har vore sterkast. Det er eit godt lag, og dei fortener å rykkja opp, seier ein raus og ærleg Nore Neset-trenar.

Ein runde før serieavslutninga kan dei blåkledde altså førebu seg på meir fotball, langt ut i november.

- Først må me jo slå det andre 7. divisjonslaget som ikkje vert blant dei tre beste toarane. Deretter går dei to kvalik-kampane av stabelen 8. og 11. november.

Forsterka andrelag

- Har de godt med mannskap til desse kampane?

- Me har vore førebudde på kvalik i lang tid. Difor har me fleire førstelagsspelarar som har nok kampar på andrelaget (5) til å få spela desse kvalik-kampane. Men når det er sagt, så er det viktig å få fram at det er andrelagsgutane som har kjempa oss fram i den posisjonen me no er i, og det er dei som vil utgjera grunnstammen i laget, også i kvalikkampane, avsluttar Sælensminde.