Hilde Kristine Røttingen og Os-damene gav alt mot Stord, men sleit med å omsetja sjansane og tapte til slutt 20-25.
Hilde Kristine Røttingen og Os-damene gav alt mot Stord, men sleit med å omsetja sjansane og tapte til slutt 20-25.

Må truleg vinna dei siste fire kampane

Med tap heime mot Stord må Os-damene truleg vinna fire av dei siste seks for å sikra plass i neste års nasjonalserie.

Os-damene prøvde med alle midlar å tukta Stord heime i Oshallen onsdag. Dessverre for dei gul-svarte var gjestene rett og slett betre.

- Me var bra i forsvar i første omgang, men etter kvilen rakna det litt begge vegar. Når Madeleine Hjertnes i tillegg spelte med 40 i feber og ikkje kunne bidra på vanleg vis, vart det tøft, seier damelagstrenar, Trond Førde Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Byta plass

Heimekampen mot Stord var det oppgjeret Os-damene burde vunne for å ha sikra seg den viktige sjetteplassen i 2. divisjonsavdelinga.

Etter 20-25-tapet passerte Stord Os på tabellen. Dermed vert det ei nervepirrande sesongavslutning for våre gul-svarte jenter.

- Ja, no vert det litt kniven på strupen. Me må altså bli blant dei seks beste for å få plass i neste års nasjonale 2. divisjon. No har me seks kampar igjen. Bortsett frå mot Fyllingen og Sotra, må me klara to poeng. Det kan bli tøft nok. Men eg har trua på at me skal klara det, seier Førde Eriksen.

Vilde Brattabø hadde så absolutt dagen mot Stord. Her skårar ho eitt av sine sju mål (10-12-redusering) på frikast, sekundet før pause.
Vilde Brattabø hadde så absolutt dagen mot Stord. Her skårar ho eitt av sine sju mål (10-12-redusering) på frikast, sekundet før pause.
Os-trenar Trond Førde Eriksen peppa opp jentene, byta rundt på spelarar og prøvde mange ulike taktikkar, men måtte til slutt vedgå at Stord rett og slett var betre.
Os-trenar Trond Førde Eriksen peppa opp jentene, byta rundt på spelarar og prøvde mange ulike taktikkar, men måtte til slutt vedgå at Stord rett og slett var betre.

Vilde ville mykje

I heimeoppgjeret sleit osingane nok ein gong med å omsetja klare målsjansar til mål. Unntaket var Vilde Brattabø, som etter underteikna si meining var heimelagets klart beste.

- Vilde hadde så absolutt dagen. Ho prikka inn sju mål, var eit aktivum og hadde sjølvtilliten me stundom har ønskt ho skulle visa oss oftare. Eg er veldig nøgd med hennar innsats i dag, seier trenaren.

Før han kjem med eit lite hjartesukk.

- Men det er jo når me har spelarar som har slike dagar, at me må gjera dei endå betre. Eg sa til jentene at dei må spela ho oftare opp. Ho kunne lett skåra endå fleire mål i dag, om ho hadde blitt brukt endå meir, seier Førde Eriksen.

To frimerke

Os-trenaren var elles imponert over gjestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, så ærleg må me vera. Dei var gode. Langt, langt betre enn då me møtte dei på Stord i fjor haust. Spesielt sleit me med ho 10-aren og ho nummer 17, seier han.

Nummer 10, Silje Frank, noterte seg for sju skåringar, nummer 17, Sylvia Lin Johnsson, for åtte.

- Me prøvde alt for å stansa dei. Utover i andre omgang hadde me frimerke på begge desse spelarane, men dessverre hadde Stord fleire strenger å spela på enn oss i dag. Det er berre å vedgå - me tapte for eit betre lag, oppsummerer Førde Eriksen.

Neste kamp for Os-damene er borte mot Fyllingen neste laurdag. Neste heimekamp er mot Årstad laurdag 20. februar.