Bilen til Karoline Breivik fekk ein kraftig smell under Noregscup-runden i Stjørdal i helga. (Privat foto)
Bilen til Karoline Breivik fekk ein kraftig smell under Noregscup-runden i Stjørdal i helga. (Privat foto)

Må bruka reservebilen

Etter ein real smell i Stjørdal må Karoline Breivik dei to neste rallycross-stemna klara seg med reservebilen.

19-åringen var i aksjon på Lånke i Stjørdal i helga. Her køyrde ho andre av dei totalt fem Noregscup-rundane i rallycross for juniorar.

- Karoline køyrde brukandes på laurdagen og låg som nummer seks før finalen, men det var berre så vidt me fekk fiksa bilen før fjerde omgang. Ho vart nemleg kraftig påkøyrd i løpet før, og bilen fekk seg ein god trøkk, fortel bestefar og støttespelar Håvard Gaassand.

Artikkelen held fram under annonsen.

To nye race

Finale vart det uansett ikkje på nokon av deltakarane i Stjørdal. Under eit av heata på søndagen kolliderte ein bil såpass kraftig at mekanikaren hans som såg på fekk hjarteinfarkt. Dermed vart finalen avlyst.

- Eg har vore med på eit par dramatiske ting på rallycrossbanen, men dette er første gong eg har opplevd dødsfall. Det var ein tung dag, og tankane våre går til mekanikarens familie, seier Gaassand.

Til helga skal Karoline og veslebror Kristian til Vikedal og køyra nytt rallycross-stemne. Helga etter er dei klar for Vestlandsmeisterskapen på Eikås i Åsane.

- På desse stemna må Karoline bruka gamlebilen, men eg reknar med å ha reparert Toyota Starlet-en hennar til tredje runde i Noregs-cupen på Melhus, helga 27.og 28. juni