Ståle Steen Sæthre får ansvaret for Lysekloster IL sitt fotballakademi.
Ståle Steen Sæthre får ansvaret for Lysekloster IL sitt fotballakademi.

Lysekloster startar fotballakademi

Over nyttår startar Lysekloster IL fotballakademi for 4.-7.-klassingar. Hovudtrenar vert Ståle Steen Sæthre.

Tidlegare har Os Turn og Nore Neset IL starta sine fotballskule-fritidsordningar. No kjem Lysekloster IL med sitt fotballakademi.

Mannen bak prosjektet er A-lagsspelar Ståle Steen Sæthre. 22-åringen har imponerande fin trenar-CV til å vera så ung. I alle klubbane han har vore i opp gjennom åra, og det er ganske mange, har han vore innom trenar-apparatet og fått øva seg på det å instruera andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er veldig higen på å spela på høgt nivå så lenge som mogleg, men med tida blir eg nok trenar. Det yrket har eg alltid interessert meg for, seier strandvikingen.

Noko han brenn for

Ståle fekk for alvor innsyn i fotballakademi-opplegget då han sjølv studerte på Norges Toppidrettsgymnas frå han var 16 til 19 år gamal.

- Då var eg først fast med på Lyn sine fotballskular og var instruktør der. Sidan vart eg hovudtrenar for Øvrevoll Hosle sitt fotballakademi i litt over eitt år. Samstundes tok eg UEFA sitt C- og B-kurs som trenar, fortel Sæthre.

Tilbake i Bergen var han med og starta opp fotballakademi i Fyllingsedalen, kalla Proffskolen.

Frå 2013 til i dag har han i lag med faren også følgd opp gutar 13-laget til Strandvik.

- Eg elskar å vera med på å leggja til rette for at spelarar skal utvikla seg best mogleg. Dette er noko eg verkeleg brenn for, og eg er svært glad for at eg får høve til å driva vidare med dette i Lysekloster IL, seier 22-åringen.

Proft opplegg

På Lysekloster sitt akademi håpar han å få kring 20 elevar.

- Det kan vera ein grei start. Dersom me får fleire, må me få på plass fleire trenarar. Målet er å gje alle ei god individuell oppfølging. I norsk fotball i dag er det altfor mange vaksne spelarar som manglar naturleg gode basis-ferdigheiter. Her har me ein stor jobb å gjera i Noreg. Eg gjer gjerne ein innsats for at unge, svolte spelarar i Os kan bli betre skulerte før dei trer inn i ungdoms- og vaksen-fotballen, seier Sæhtre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er også klar på at det vert fokus på godt kosthald, og at elevane skal gjera lekser på akademiet før treninga.

- Gode haldningar er viktig å formidla. Me skal ha fokus på godt forhold til skulearbeid, norsk sunt kosthald og samhald, seier Steen Sæthre.

Medan han venter på å koma i gang med akademi-treningane to gonger i veka og sin eigen oppkøyring med Lysekloster A-lag, køyrer Ståle på med eigentrening opp Bogafjellet i Strandvik.

- Eg er godt i gang med oppkøyringa. I dag køyrde eg såpass hardt på at eg måtte gå å leggja meg etterpå. Etter å ha lege i sone fem med 185 i puls i 21 minutt, var eg så ferdig at det var så vidt eg kom meg opp i senga. Men treninga gjer resultat. Det er moro, seier den energiske og ambisiøse ungguten frå Strandvik.