Lysekloster held følgje med Sotra
Lysekloster slo Austevoll 4-2 i dag, og står framleis utan tap i 3. divisjon avdeling 7.
- Me hadde god kontroll på kampen, men det vart likevel litt spanande mot slutten, seier Lysekloster-trenar Tore Nielsen.
Til pause stod det 2-0 til Lysekloster. Begge måla kom frå hovudet til Sindre Flaa.
Artikkelen held fram under annonsen.
I andre omgang hadde Lysekloster fleire sjansar til å punktera kampen.
- Øystein Takle Eide hadde ein i stanga. Det samme hadde Tommy Gaustad. Men i staden for at me punkterte kampen, så fekk Austevoll seg eit mål, som skapte litt spenning mot slutten, seier Nielsen.
Preben Skorpen auka leiinga til 3-1, før Lysekloster gav Austevoll eit enkelt mål. Det gjorde at nok ein Lysekloster-kamp blei spanande heilt til siste slutt. På tampen av kampen fastsette innbytar Sigve Rørstad sluttresultatet til 4-2 for Lysekloster.
Dermed held Lysekloster følgje med Sotra som slo Lyngbø 2-0 torsdag. Dei to topplaga har no skaffa seg ei luke på fire poeng ned til Øystese og Varegg.
Lyseklosters lag: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Preben Skorpen, Sindre Flaa, Alekander Andersen, Hans-Christian Nysæther, Espen Birkeland, Joakim Hjelmeland, Ola Sjømæling, Øystein Takle Eide og Tommy Gaustad.
På benken: Kjetil Hansen, Sigve Rørstad, Steffen Vindal, Johannes Jordal, Lars Henrik Skage og Martin Eidsvik.