Lysekloster er klare for 2. divisjon
Same år som klubben feirar 70 år vert A-laget klare 2. divisjon i fotball. Opprykket vart ein realitet etter ein dramatisk og tøff kamp på Stavollen i ettermiddag.
Heilt i hundre
Gitte Torp, kona til Lysekloster-trenar Tore Nielsen var på plass og fekk med seg bataljen. Ho beskriver stemninga slik:
- Dei vann 3-1 og det fullt fortent. Når eg drog no var dei heilt i hundre. Det var litt av ein kamp å avgjera det på. Bjarg gjorde alt kva dei kunne for å stikka kjeppar i hjula.
Artikkelen held fram under annonsen.
Torp visste ikkje konkret korleis lysefjordingane ville feira, men følte seg overtydd om at feiring var på programmet.
- For å seia det slik: Eg reknar ikkje med å få sjå mannen min meir i dag, humra Torp.
«Os og Fusaposten» kjem tilbake med full reportasje frå kampen om litt.