To tomler opp frå heimlause John som lever av å selja blad på gata. Liverbirds Os gav han kampbillett og kjeledress då dei vitja Liverpool sist helg.
To tomler opp frå heimlause John som lever av å selja blad på gata. Liverbirds Os gav han kampbillett og kjeledress då dei vitja Liverpool sist helg.

Liverbirds gav vekk kampbillett til heimlaus mann

Liverbirds Os gav kjeledress og kampbillett til ein mann som ikkje hadde vore på Anfield på 31 år.

- To av medlemene våre, Oddvar Davanger og Trine Haugland, møtte John, som han heiter, for nokre år sidan. Sidan har dei hatt jamleg kontakt, seier leiar for Liverbirds Os, Espen Engevik og held fram:

- Han lever av å selja blad på gata, og har ikkje ein heim å gå til. Difor kjøpte me ti billettar, sjølv om me berre var ni som reiste til Liverpool.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tørka tårer i pausen

Delegasjonen frå Os reiste for å sjå Liverpool-Southampton sist helg, og før kampen samla dei seg på ein pub der dei møtte John.

- Først gav me han kjeledressen, og han vart så rørt at tårene tok han, seier Engevik og held fram:

- Då eg spurte om han hadde lyst til å vera med på Anfield trudde han eg tulla. Han skjønte ikkje at det var mogleg å gje ei slik gåve. I tillegg var det på the Kop. I pausen på kampen stod han og tørka tårer, seier Engevik.

- Gjevargleda er størst

I følgje Engevik var John heilt satt ut, og klarte ikkje slutta å takka for turen. Engevik meiner sjølv at gleda var større for givarane.

- Det er nok eit minne for livet for han, men kanskje endå større for oss som fekk oppleva gjevargleda, seier han.

John hadde også med ei gåve til Oddvar og Trine, som han eigentleg skulle gje i fjor.

- Då vart han innlagt på sjukehus, men han har teke vare på gåva i eitt år. Det er eit stort bilete av Liverpool og Anfield innramma, seier Engevik.

Fekk medlem nummer 100

Fem av osingene som reiste fekk sin første tur til Anfield. Alle kosa seg. Det er berre synd at resultatet ikkje blei heilt som dei hadde håpa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men alt i alt ein fin tur. Mykje takk vera Johan Stomberg, som fiksa alt frå tur til fellesmiddag og gode billetter til kampen, seier Engevik.

I løpet av helga kunne i tillegg Liverbirds Os registrera sin 100. medlem.