Liafjellet opp vert reint mosjonsløp
Sjølv om det er slutt for Nore Neset-dagane går Liafjellet opp som planlagt. Men arrangementet vert noko mindre.
- Me held oss til datoen som vart sett opp i samband med Nore Neset-dagane, altså laurdag 22. oktober, men ettersom det store folkearrangementet no er avlyst, blir også dette løpet no arrangert i ein litt mindre målestokk. Det blir nok meir eit mosjonsløp, enn eit folkearrangement, fortel leiar i Opptur motbakkeklubb, Klas Færøvik.
Ope for alle
Medan det tidlegare år har vore Nore Neset Idrettslag som har stått for motbakkeløpet, er det no altså motbakkeklubben i krinsen som tek stafettpinnen vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me tek ansvar og fører tradisjonen vidare, men det vert nok i ein litt mindre målestokk enn dei tidlegare åra då det har vore eigne skuleklasse-konkurransar og tur-klassar innlagt i arrangementet, seier Færøvik.
Årets utgåve vert enkelt og greitt eit motbakkeløp for mosjonistar.
- Alle som vil kan delta. Men det vert ikkje arrangert tur-klasse denne gongen, seier han.
Nye, sterke tider
Sjølv om fleire frå motbakkeklubben sjølvsagt vil vera delaktige i arrangementsarbeidet, ser Færøvik for seg at mange også vil stilla i løpet.
- Me er godt i gang med hausttreninga og det er mange som held høgt nivå for tida. Spesielt kjekt er det med nykomar Marita Nygård, som nesten var like rask som europameister, Fillip Ingebrigtsen opp Stoltzen sist helg, seier Færøvik.
Han trur både ho og unge Andreas Størksen kan notera seg for svært sterke tider opp den nær 1,5 km lange løypa til toppen av Liavarden på 259-meters høgde.