Leverte årsbeste mot Brann 2
Emil Halver køyrde stundom karusell med Brann 2-forsvararane. Men trass i en strålande kamp både av han og resten av Os-laget tok Brann 2 med seg alle poenga frå Kuventræ.
Brann 2 kom med eit sterkt og slagkraftig lag til Kuventræ måndag kveld. Med seg frå start hadde trenar Kjetil Lohne A-lagsspelarane Erik Huseklepp, Kristoffer Larsen, Daniel Hakata og Viljar Vevatne. To av dei presenterte seg alt etter to minutts spel.
Erik Huseklepp dribla av Anders Havsgård på venstrekanten, og fann Kristoffer Larsen på bakerste stolpe. Tekniske Larsen drog av ein mann og banka ballen i mål.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nett då var det truleg mange av dei vel 300 frammøtte som frykta at det skulle bli ein tung kveld for heimelaget denne måndagen.
Brann 2 har nemleg ikkje hatt for vane å avgje poeng denne sesongen. Faktisk hadde dei vunne seks av seks kampar før dei kom til Kuventræ.
Hang med
Men det vart aldri nokon overkøyringskamp på Kuventræ. Anført av ein svært så spelesugen og formsterk Emil Halver kom osingane nemleg raskt tilbake. 1-1 kom i det 12. minutt. Halver ordna nettsusaren. Pasingen kom frå Torgeir Lunde.
Deretter gjekk det knappe minuttet før Håkon Lorentzen sende bergensarane opp i leiinga igjen.
- Det var litt av ein pangstart med mange mål på kort tid. Sjølvsagt ergrar det meg litt dei imot. Dei var lit for billig, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.
Men Os skapte balanse i rekneskapen før pause. 2-2-skåringa til Marius Mikkelsen gav håp om poeng og godt humør på tribunen i det sola sende sine siste varme strålar i pausen.
Huseklepp raid
Korkje Kristoffer Larsen eller Erik Huseklepp dominerte kampen på Kuventræ, men begge viste ved fleire høve klasse.
Artikkelen held fram under annonsen.
David Gjeraker sende først dei raudkledde i 3-2-leiing. Deretter sette Huseklepp opp farten på venstresida, vart felt og fekk straffe. 11-meter-sparket ekspiderte han sjølv, 4-3 til Brann 2.
- Då me fekk det målet følte eg at me hadde kontroll, men Os var gode. Det var vanskeleg å spela dei ut. Absolutt eitt av dei betre laga eg har vore med å møtt i 3. divisjon i år, seier Kristoffer Larsen.
Emil Halver reduserte til 3-4 i det 73. minutt, men sjølv om Os skapte eit par sjansar til, hadde Brann 2 rimeleg bra kontroll kampen ut.
Litt skuffa
Kampens store spelar, Emil Halver, var nøgd med eigen innsats, men ikkje med resultatet.
- Brann 2 var gode, men me var absolutt med. Det var kjempekjekt å spela, seier venstrekanten.
Han føler han har teke nye steg denne sesongen.
- Eg synest Hassan og Ørjan Håland har vore flinke på å gje oss klare retningslinjar for korleis me skal spela i dei ulike rollane våre. Det har hjelpt meg mykje, seier tomålskåraren.
Han er med på at kampen mot Brann 2 er blant hans beste til no i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jo, eg var veldig tenkt, og mykje stemte. Ein vert gjerne litt ekstra motivert av å møta denne gjengen i raudt, humrar Halver.
Trenar Fakiri var nøgd med innsatsen til spelarane sine, men ikkje med poengfangsten.
- Jaudå, Kristoffer og Huseklepp er litt sharpare framfor mål enn me er, men eg synest me heng såpass bra med, at me hadde fortent poeng. Uansett tek me med oss at me står bra mot eit såpass godt lag, og det var mange gul-svarte ut på der som gjorde ein god kamp, oppsummerar trenaren.
kampfakta
Os - Brann 2 3-4 (2-2)
Kuventræ.
Mål: 0-1 Kristoffer larsen (2), 1-1 Emil Halver (12), 1-2 Håkon Lorentzen (13), 2-2 Marius Mikkelsen (24), 2-3 David Gjeraker, 2-4 Erik Huseklepp (69), Emil Halver (73).
Os (4-2-3-1): Andrew Todd - Anders Havsgård, Torkel Hjertnes, Knut Spanglo Haga, Glenn Krossøy - Torgeir Lunde, Thomas Fosen (Steffen Årseth Ljosheim frå 82.) - Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm - Stian Lunde (Sander Kvittingen frå 79).
Os sine tre beste: Emil Halver ***, Thomas Fosen **, Marius Mikkelsen *.