Os Orienteringsklubb er nest størst i bergensområdet, med berre Fana framfor seg på lista, i følgje leiar i klubben, Tommy Sævareid. (Arkivfoto).
Os Orienteringsklubb er nest størst i bergensområdet, med berre Fana framfor seg på lista, i følgje leiar i klubben, Tommy Sævareid. (Arkivfoto).

Laurdag går startskotet for Tur-O-sesongen

Os Orienteringsklubb har hatt ein fantastisk start på året der dei alt har dobla talet postbesøk i forhold til i fjor. Laurdag inviterer klubben til open dag på kyrkjeflaten.

- Vi arrangerer ein open dag for alle som ønskjer å stifta nærare kjennskap til orientering. Her er det høve til å snakka med både nye og meir erfarne orienteringsløparar i Os. Det blir morosame aktivitetar for born frå fem til 90 år, seier Tommy Sævareid og ler.

Arrangementet har fått namnet «Finn fram på Øyro 2016».

Artikkelen held fram under annonsen.

Garanterer verdi for publikum

På kyrkjeflaten blir det mellom anna labyrintorientering. Sævareid har laga til ei løype ved hjelp av merkeband.

- Det skal vera heile 18 postar i labyrinten. Det kan vera ein morosam måte å læra seg orientering på. Nybyrjarane får ei enklare løype enn vi som er rutinerte. Vi skal avslutta med klubbmeisterskap i labyrintorientering. Eg kan garantera at det blir publikumsvenleg. Folk kjem til å gjera feil. Eg har laga løypa, så det veit eg, seier Sævareid, og legg til:

- Det blir nok utfordrande å kunna sjå posten nokre meter unna, men så må ein løpa 30 meter for å koma til han.

Nest størst i bergensområdet

Os Orienteringsklubb har opplevd ein formidabel start på sesongen. Så langt i år er det dobbelt så mange postbesøk som i heile fjor. No er dei den nest største turorienteringsklubben i bergensområdet, med berre Fana framfor seg på lista.

- Vi har eit litt alternativt opplegg ved at vi koplar oss opp mot annan type kultur, som til dømes skulptur-orienteringa, kor ein på postane kan få informasjon om kunstnaren bak skulpturen, avisartiklar og videoar. Det får vi til ved at ein kan skanna ein QR-kode med mobilen, og så kjem det opp informasjon på mobilskjermen. Dette er nok med på å auka trafikken på postane, seier Sævareid.

Håpar på godt oppmøte

På tilsvarande arrangement i fjor, var det 80 personer som tok turen innom. I år håpar Sævareid at dei kan firedobla talet.

- Vi håpar på om lag 300. Det hadde vore kjekt, men vi veit aldri. Plutseleg er det berre 20 som dukkar opp, seier han.