Lærar av kvarandre
I helga trenar 31 handballjenter frå Bjarg saman med 17 handballjenter frå Nore Neset i Nore Neset idrettshall. Det sosiale aspektet er minst like viktig som treninga. Om ikkje viktigare.
- Det er gøy å verta kjent med nye folk, og å gjera noko anna i helgane enn å berre spela kampar, seier Sofija Vukcevic, Andrine Ekevold og Emma Louise Grasdal.
Trekløveret er del av J11-laget til Bjarg. I helga vitjar dei Nore Neset idrettshall og handballjentene som er på same alder som dei der.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva ser de mest fram til?
- Å overnatta i hallen, seier Andrine.
- Osbadet i morgon, seier Sofija.
- Mikskampane i ettermiddag, seier Emma Louise.
Laurdagen starta med ei treningsøkt i hallen. Deretter var det lunsj, før jentene vart delte inn i seks lag. Medan nokre spelar kampar, får dei andre i oppgåve å førebu kveldens aktivitetar.
- Dei veit det ikkje enno, men det er jentene som skal stå for underhaldninga i kveld, avslørar Bjarg-trenar Jan Roar Nordli.
Det var han som tok initiativ til samlinga på Nore Neset. Laget hans har vore på tilsvarande utflukter i Hordaland fleire gongar tidlegare.
- Handball handlar om meir enn på vinna kampar. Desse laga kjem til å møta kvarandre kvart år heilt til dei er 16. I helga kan dei få nokre nye vener, seier Nordli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trenaren har leidd Bjarg-laget i seks år allereie. Han meiner 11 år er ein fantastisk alder å ta dei med på slike arrangement.
- Når dei er 11 er dei opne og mottakelege for nye impulsar og for kvarandre. Dei er i lag i éin dag, og har kjensla av å ha kjent kvarandre heile livet. Når dei vert eldre, er det ikkje like enkelt, seier han.
I 11-årsalderen er det dessutan heilt umogeleg å seia kven som vert gode i idretten og ikkje, ifølgje Nordli.
- Det viktigaste er at alle kjenner meistring på banen, seier trenaren, som synest det er alt for mykje alvor i barneidretten, og for mykje fokus på resultat.
- Det er heilt unødvendig. Som trenarar må vi sørgja for at borna har det gøy, og så får det heller gå som det går på banen, meiner Nordli.