Lada opp til Brann-kampen med fotballgolf
Vegard Leikvoll Moberg trur Åsane kan slå Brann i morgon. - Me har alt å vinna, seier den formsterke osingen.
Søndag vart han banens beste då Åsane slo Hødd og klatra over streken. Måndag kopla Vegard av med fotballgolf i lag med vener heime i Os.
- Nett no gjer det godt med litt rolig aktivitet og berre ta det roleg her på golfbanen. Beina er rimeleg møre etter kampen i går, vedgår 24-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I heimeoppgjeret mot topplaget Hødd vart han kåra til banens beste både av Bergens Tidende og Bergensavisen. I tillegg skåra han oransjetrøyenes første mål i 2-0-sigeren.
- Det er ikkje ofte eg skårar. Siste gong må ha vore for om lag to år sidan, humrar den robuste, defensive Åsane-spelaren.
- Men det er klart det er kjekt å få vera med på og avgjera ein kamp. Då Joakim Soltvedt brente av på frisparket, var eg pigg i beina, og fast bestemt på å koma først på ein eventuell retur. Då ballen dala mot meg frå tverrleggjaren, var det berre å strekkja hals og treffa rett, ler osingen.
God kontroll
Med 2-0-sigeren på Myrdalsgraset klatra Åsane over nedrykksstreken igjen. Der har dei ikkje vore på tre rundar.
- Det vert ein lang og tøff haust, men denne kampen ber bod om at me kan slå kven som helst. Me spelte taktisk klokt. Låg djupt og kompakt og hadde god kontroll, konkluderer Vegard.
Han meiner kampen er blant dei beste dei har spelt i år.
- Også for eigen del stemte det godt. Det er artig når ein treff godt med plasseringane, duellspelet og pasningane, seier Vegard.
I vår gjorde han seg ferdig med marknadsføringsutdanninga på BI. Utover hausten vert han kanskje å sjå på ein barneskule i nærleiken.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg tenkte å vera lærarvikar ei stund. Nett no kan det sjå ut til at eg får undervisa litt på Søfteland. Der var eg før sommaren. Det var veldig kjekt, seier lysluggen.
Klar for storkamp
Alt i morgon er det klart for ny runde i OBOS-ligaen. For Vegard og resten av oransje-trøyene vert det årets kamp.
- Brannkampen på stadion har me sett fram til i lang, lang tid. Opptakten med sigeren over Hødd var optimal. No er me optimistiske og har trua på siger, seier Vegard.
Han skulle helst sett at han fekk litt fleire dagar mellom dei to kampane, men reknar med at han gløymer at beina er møre, når han spring ut på stadion-matta.
- I den kampen har me alt å vinna. Det er ein herleg inngang å ha. Eg gler meg sjukt, seier Vegard.
Sambygdingen Simen Lassen kom innpå og spelte dei siste minutta for Åsane heime mot Hødd. Om han vert i startellevaren mot Brann, er usikkert. Leikvoll Moberg er slik han spelar om dagen, nærast sjølvskriven.
Stiller med dei oransje
Om me skal venta fleire skåringar av Vegard i kampane framover, skal vera usagt, men siktet er i alle høve innstilt. Då «Os og Fusaposten» forlét banen på Hauge måndag, var lysluggen i alle høve i leiinga.
- Me skal stå med dei oransje og heia på Vegard på onsdag, men her på Hauge får han ingenting som helst støtte. Me skal nok slå han, sa Adrian Arnesen, Espen Valvik og Lennart Eide måndag ettermiddag.