(Arkiv
(Arkiv

Kvernbit - Nore Neset 3-0: Nedprioriterte krinsmeisterskapen

- Det hadde sjølvsagt vore kjekt å møta Søfteland i ein krinsmeisterfinale, men me har fokus på opprykk med 2. laget, seier trenar Arne Sælensminde.

Nore Neset kan berre bruka fem av spelarane frå Kvernbit-kampen søndag i 2. lagets opprykkskamp mot Voss komande søndag.

- Me hadde eit ungt mannskap, då det er reglar for kor mange av spelarane som spelte i dag, som kan spela i til helga. Eit lokaloppgjer mot Søfteland hadde som sagt vore kanonkjekt, men me må prioritera andrelaget, seier Sælensminde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prestisje og kjenslar i derby

Nore Neset-trenaren held Søfteland som klar favoritt til å bli krinsmestrar i år.

- Eg blei ikkje skremt av Kvernbit. Etter det eg har sett av Søfteland i år, skal dei vinna kampen greitt, seier Sælensminde.

- Kven hadde vunne om det hadde blitt Nore Neset og Søfteland i ein finale?

- På ståande fot er det vanskeleg å svara på. Desse lokaloppgjera er fylde med kjenslar og prestisje. Dei lever sitt eige liv. Eg vil påstå at Nore Neset og Søfteland må vera to av dei klart beste 6. divisjonslaga i år. Begge kjem nok til å hevda seg i 5. divisjon til neste år.

Første av to kampar

Søndag føremiddag kjem Voss 2 til Nore Neset for den første av to opprykkskampar.

- Møtt opp og støtt laget, oppmodar Sælensminde.