Kvar sin tur på pallen
Bjarte Solvang og Martin Femsteinevik fekk seg kvar sin tur på pallen under Noregscupen i Markane i helga.
Fem utøvarar frå Hålandsdal IL var i aksjon under Noregscupen i skiskyting i Markane i Stryn. Seniorane Bjarte Solvang og Martin Femsteinevik var dei einaste av fusingane som gjekk seg til pallplassering. Bjarte vart nummer tre på sprinten på søndag. Martin tok andreplassen på laurdagens normalrenn.
- Det er kjekt at me kjem oss på pallen, men både Bjarte og eg har litt å gå på når det kjem til å prestera stabilt bra. Eitt godt løp er nok ikkje godt nok for IBU-deltaking, dessverre, seier Martin Femsteinevik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fall ut
Før jul fekk han klarsignal til å delta i IBU-cupen. I konkurranse med dei nest beste skiskyttarane i verda vart det tøft.
- Det er veldig høgt nivå, og ein må vera i svært god form for å hevda seg. Eg gjekk seks løp. I dei fire første hamna eg blant dei 20-30 beste. I dei to siste hamna eg på 44. og 66. plass. Det var dessverre såpass svakt at eg mista IBU-plassen i denne omgang, fortel Femsteinevik.
Lagkamerat Bjarte har førebels til gode å gå IBU-renn.
- På sitt beste er Bjarte god nok. Utfordringa hans er å bli litt betre på ståande, meiner Femsteinevik.
Under NC-renna i Markane presterte Solvang frå dårleg til svært godt.
- Laurdagen hadde han ein lei dag, skaut på seg fire bom og enda på ein 22. plass. Men på sprinten på søndag klinte han til med fullt hus på ligg og stå og tok ein flott tredjeplass, fortel Martin.
Sjølv hadde han ein langt tyngre dag i sporet og enda som nummer 15 med to bom.
EM i Russland
For Martin og Bjarte vert Noregscup-runden i Mo i Rana frå 5.-7. februar neste sjanse til å visa seg fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då må me klina til dersom me skal ha sjanse til å få gå fleire internasjonale renn denne sesongen.
- EM i Russland i slutten av februar. Er det realistisk for dykk?
- Ja, det er ikkje umogleg. Men dersom me skal få ein slik tur, så må me truleg ha to pall-løp under neste NC-runde, meiner Martin.
Søstera hans er klar for junior-VM komande torsdag.
- Ja, Ragnhild og det norske laget reiste til junior-VM i Romania no på søndag. Ragnhild er teke ut til å gå normaldistansen. Kliner ho til der, vert det sikkert fleire løp, trur storebror Martin.
Dei andre fusingane som var i aksjon i Markane i helga var Trygve Vangsnes (M20-21), Ingri Hovland (K17) og Ingrid Berlandstveit (K20-21).
Sistnemnde vart nummer 10 på normalen og 15 på sprinten. Ingri Hovland vart nummer 26 på normalen. Trygve Vangsnes plasserte seg som nummer 37 på normalen.